Sommarferien er over, og det er no klart for ein spanande haustsesong for laga frå Jotun. Ferien vert avslutta med Faabergturneringen denne helga, der Jotun har med heile 7 lag.
6. divisjon herrer leiar serien etter vårsesongen, og slik det ser ut no så er det Hafslo som vert sterkaste konkurrenten til den eine opprykksplassen i avdelingen. Laget har mista nokre spelarar etter vårsesongen, då fleire reiser på skule utanfor bygda no denne hausten. Nye i stallen er Roy Olsen, Ruben Aspeseter og Andreas Hestetun.
Damelaget har og mista 2 spelarar før haustsesongen, og har no kun 15 spelarar i stallen. Sportsleg leiar Arne Håkon Laberg kan tenkje seg fleire damer i stallen. Dersom nokon spreke damer har lyst til å prøve seg på trening, so er det berre å møte opp søndagar 19:00, måndagar 19:00 og onsdagar 19:00. Ta gjerne kontakt med trenar Kai Wigum på 922 89 815 i forkant.
Komplett oversikt over kampane til laga våre finn de her på heimesida: http://jotun-fotball.no/kalender-5/
Her er kampoversikt og tabellar for laga som deltek i seriesystemet:
G15/16 – 2. divisjon avdeling 1
G15/16 7ar
G13/14 9ar – 1. divisjon avdeling 1
G13/14 7ar
J13/14 9ar
J13/14 7ar
G12 -1
G12 -2
G11 -1
G11 – 2
J9/10
J12 – 1
J11
G09
G10