For andre år på rad stakk Jotun av med KM-tittelen i 7ar fotball G15/16. Finalen vart spela på Reed, og motstandar var Tornado/Måløy.
Det var Tornado/Måløy som hadde ballen mest i starten av kampen, men dei spela stort sett seg i mellom på eigen banehalvdel. Etter kvart tok dei raude og grøne meir og meir over spelet, og etter halvspelt kamp leia dei 2-0.
I andre omgang hadde Jotun full kontroll, og sluttresultatet vart til slutt 4-0.
Målskårarar for Jotun var Marius (2), Vegard og Olav.
IL Jotun fotball gratulerer dei nybakte KM-vinnarane med ein ny tittel, og ikkje minst ein ny pokal i den rikhaldige samlinga til 90-årsjubilanten!
[embedplusvideo height=»254″ width=»450″ editlink=»http://bit.ly/1exzDYw» standard=»http://www.youtube.com/v/n3_737AcaCc?fs=1&hd=1″ vars=»ytid=n3_737AcaCc&width=450&height=254&start=&stop=&rs=w&hd=1&autoplay=0&react=0&chapters=¬es=» id=»ep6790″ /]