Jotun fotball deltok 26. mars på Kick-Off på prosjekt Kvalitetsklubb i fotballkretsen.
NFF Kvalitetsklubbprosjekt er eit system som vil vera retningsgjevande for det meste av utviklingsarbeidet som vert utført i klubb. Konseptet byggjer vidare på «klubben som sjef»-filosofien.
NFF Kvalitetsklubb har 3 ulike nivå, og IL Jotun er valgt ut som 1 av 10 klubbar i Sogn og Fjordane som skal jobbe mot nivå 1 dette året.
Nivå 1 har 4 hovudområder:
1. Aktivitet
2. Organisasjon
3. Kompetanse
4. Samfunn og verdiarbeid
Om nokon vil lese meir om prosjektet så har NFF eigne sider for dette.
Jotun fotball sitt arbeid, og status for dette, vert lagt ut under menyvalet Kvalitetsklubb her på heimesida.