Trekning kamplotteri 23.06, Jotun-Bjørn
30. juni 2014
Gothia Cup – før siste runde i gruppespelet
15. juli 2014
Vis alt

Årdalsfotballen rotnar på rot?

Endre Romøren presenterte i dagens avis denne overskrifta, med ein påfølgjande dokumentasjon av dette i form av tabellsituasjonen til seniorlaga i Årdal.
sognavis
Vi kan kun svare for vår eigen del, men det er tydleg at Romøren ikkje har nok kunnskap om utviklinga i IL Jotun fotball dei siste 5 åra.

Fakta:
IL Jotun har utdanna 46 NFF-C trenarar sidan 2009
IL Jotun har over 30 lag i seriespel
IL Jotun har lag i 1. divisjon gutar og smågutar
IL Jotun har over 300 aktive spelarar, ein auke på 50% sidan 2009
IL Jotun har samarbeidslag med ÅTIL i J15/16, damelag 4. divisjon og G15/16 2. divisjon
IL Jotun med samarbeidslag skal i år til Gothia Cup, Dana Cup, Norway Cup, Faabergturneringen og HamKam TalentCup

Seniorlaget til IL Jotun fotball ER eit breiddetilbod for å halde ungdom og vaksne i aktivitet. I år har 3 spelarar gått frå IL Jotun til ÅFK då dei ynskjer å satsa meir på fotball. Andre vegen har det gått like mange spelarar då nokon vil trappe ned og bruke mindre tid på trening og kamp.

Samfunnsutviklinga i Årdal meiner vi er ein viktig faktor når ein skal sjå på kvifor prestasjonane er som dei er. I og med at ungdomane reiser ut når dei er frå 16-19 år, og ikkje kjem tilbake, så vil truleg ALL senioridrett i bygda stort sett måtte byggast rundt tenåringar i åra som kjem. Kva nivå desse kan prestere på, i høve kvaliteten i dei ulike divisjonane, vil truleg variere frå år til år.

Vi vonar dette var avklarande i høve innlegget til Romøren.

 

Med sportsleg helsing

Henrik Rønningen
Leiar fotballgruppa IL Jotun