Jotun har med 2 lag i Gothia Cup, og begge laga har levert god innsats so langt i turneringen.
J14 starta med ein solid 4-0 siger mot Örby IS. Ingrid Øvstetun skåra 3 av måla, og Sara Brandsdal det siste. I dag møtte dei tøffare motstand i Hittarps IK, og det var 0-3 før dommaren bles av. Kampen var jamnare enn resultatet viser melder trenar Frank Eldegard. I morgon er det Sunnerstad AIF som er motstandar, der siger vil gje A-sluttspel. Uavgjort eller tap vil truleg sende dei unge jentene til B-sluttspel.
Gutane kom i ei tøff pulje med 5 lag. Polske AP Top 54 og svenske IS Halmia vart begge eit nummer for store. Når motstandaren stiller med fulle troppar på 22 mann veit du at dei meinar alvor!
Mot amerikanske Starfinder enda det 4-4, ein kamp dei raude og grøne burde ha vunne. Ei 4-2 leiing 5 minuttar før slutt vart rota vekk, og når dommaren bles av var poenga delt broderleg mellom laga. Thomas Andreassen skåra 3 mål og Alexander Barsnes sette inn det 4de.
I tillegg til desse er og fleire spelarar frå Jotun med i Gothia Cup for andre lag. Marie Vinsand Wigum, Susanne Myrland og Vanja Thomassen Øren spelar for Lillehammer J17. Dei starta med 2 tap, men i dag kom fyrste sigeren. Matchvinnar: Susanne Myrland!
Sivert Mannsverk spelar for Florø G12 1, dei har vunne dei to fyrste kampane suverent. 16-1 i målskilnad seier det meste!
Årdal FK har og fått ein god start med 6 poeng på dei fyrste 2 kampane. I den fyrste kampen møtte ikkje motstandaren, i den andre var eit sveitsisk lag besigra 2-1. Det betyr at A-sluttspelet alt er i boks.
Etter kampane i morgon prøver me å få ut litt bilete frå laga!
Kampane har LIVE resultatservice, det ligg lenker på framsida til http://jotun-fotball.no til desse!