Guttelaget til Jotun er inne i siste del av sesongen 2014. Grunna lange reiser og redusert spelarstall er fleire av kampane vorte utsatt veke etter veke. Dei siste sju kampane måtte derfor avvikles i løpet av ti dager.
Fire av kampane vart spelt helga 18.-19.okt der laget møtte Florø x 2 og Tornado/Måløy x 2. Kampane i Florø vart spelt på ei vindfull Florø stadion. Jotun åpnet begge omganger friskt men falt tilbake og Florø tok over meir etterkvart. Heimelaget vart diverre for sterke og kampane endte henholdsvis 0-4 og 1-3. Marius Loftheim reduserte for Jotun.
Søndag møte laget Tornado Måløy i ein litt meir offensiv formasjon med 3-5-2 / 4-4-2. Tornado åpnet best med første scoring men Jotun utlikna ved Anders Lereng. Deretter scora Marius Loftheim, Anders Fossøy og eit sjølvmål etter press fra Fossøy.
Etter ein knapp time pause starta kamp 2 mot Tornado Måløy på ein regnfull søndag. Spelarane var tydleg sletne etter tre harde kampar, men stilte villig opp. Også her scora Torando Måløy det fyrste målet, før Anders Lereng utlikna. Tornado gjekk deretter opp til 2-1 før Alexander Barsnes utlikna 4 minuttar før slutt. Kampen enda til slutt 2-2. Siste kamp blir spelt borte mot Sogndal 22.okt.
Ei stor takk til spelarar fra 2000/01 kullet som villig har stilt opp i haust. Nevner bl.a Joachim Furseth, Tobias Klepp, Jakob Øren og Eirik Lereng.