2. februar 2017
Til helga er det klart for KM-kvalifisering i Futsal. Jotun er ein av arrangørane, og me vonar Årdalshallen vert fylt til randen laurdag og søndag! Det vert spelt kampar i klassane 13-16 år for både gutar og jenter. Nedst i denne artikkelen finn de kampoppsettet. Resultata vert oppdatert fortløpande, og dei […]
30. januar 2017
Helga 4.-5. februar er det klart for KM-kvalifisering i Futsal i Årdalshallen. Ansvarlege for arrangementet er Småjente- og smågutelaga. Dette er ein god inntektskjelde for oss og me er avhengige av «fulle lag» 🙂 Fint om de gjev beskjed om de finn avløysarar! Kontaktpersonar er oppmann for småjente Per Gullaksen (913 […]
19. januar 2017
Søndag er det duka for toppkamp i Årdalshallen. Jotun/Åtil laget som ikkje har tapt ein einaste kamp skal møte tabelltopp Sogndal. Kaffi og noko godt å bita i har den flinke dugnadsgjengen i kioskgruppa ordna med. Ta med heile familien på kamp og bli med å lage ei fin ramme […]
19. januar 2017
Sist fredag, 13 januar var fyrste dag i basistreninga til IL Jotun. Det møtte tilsaman 25 store og små. Instruktør Lars Kristian starta litt med å fortelje kva basistrening er og kvifor ein skal trene basis. Dette gir eit godt grunnlag for alle idrettar og etter at Olympiatoppen vart etablert […]
19. januar 2017
Torsdag 2. februar 18:00 er me so heldige å få besøk av Tommy Skjerven, den mestdømmande dommaren i Tippeligaen. Tommy skal halde eit motivasjonsinnlegg om kor kjekt det er å vera dommar, og kor mykje ein kan oppleva om ein vel å satsa på fotballdømming. Mellom anna vert det informasjon […]
7. januar 2017
Gratis prøveordning ! ( MÅ vera medlem i Jotun) Kvar fredag frå og med 13. januar i tida 17 – 18.30 vil det bli høve til å delta på basistrening i Årdalshallen. Det vert felles opplegg på tvers av alder og grupper. Lars Kristian Fauske ( fysioterapeut i Årdal Kommune) […]
30. desember 2016
Takk for det gode idrettsarbeidet som er gjort i 2016. Me gler oss til å ta fatt på store og små idrettsgleder i 2017. Godt Nyttår alle !
24. desember 2016
2016 er ved vegs ende. Enno eit år er gått inn i historia til IL Jotun. Born/ungdomar, trenarar, foreldre, og alle tillitsvalde har teke velfortent fri. Året som har gått har vore eit aktivt år for Jotun. Alle gruppene har hatt stor aktivitet og det er gledeleg å sjå at «smågruppene» […]