Endeleg Målrock att !!
6. august 2022
Friidrettstemne på Jotun stadion
30. august 2022
Vis alt

Ingeborg Hjelle, utnemnt til eldsjel i Norges Svømmeforbund

Eldjsel :
Denne helga 25-28 august har det vore leiar og trenarkonferanse i Norges Symjeforbund. Noko av høgdepunktet ved denne årlege konferansen er utnemninga av årets eldsjel i symjeforbundet.
Ingeborg Hjelle var nominert av klubben sin for den fantastiske innsatsen ho gjer og har gjort. Les nomieringa her: Eldsjel Norges svømmeforbund
Og som dei fleste har fått med seg via IL Jotun facebook og Sogn Avis gjekk Ingeborg heilt til topps. Me i Jotun er så stolte og glade på hennar vegne.

Ei helg full av inspirasjon og læring:

Bjarte Myrhol ein av verdens beste strekspelarar starta seminarhelga med eit fengande foredrag om leik og barneidrett som inngang til idretten.
FOR EIN MANN SEIER ME BERRE !!

Å høyre han snakke om viktigheiten av barneidrett og kor viktig leiken er på trening var ei fryd. Når ungane startar med handball, fotball, turn etc i 1.klasse så må alltid leiken vera grunnleggande.

.Etter at han la handballskoa på hylla, har han brukt mykje av tida si på å reise rund tog snakke om dette temaet.
Dette brenn han for !

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Helga var fylt av spennande foredrag. Fleire av dei omhandla forskning på fotball. Men ein kunne likevel dra parallellar til individuelle idrettar. Det er gjort veldig lite forskning på symjing.

Eit anna veldig spennande foredrag var det som omhandla: Motivasjon og rekruttering av frivillige, Av Espen Andresen. Deretter fulgte innlegg om spelemiddelfinansiering av anlegg av representant frå kulturdepartementet.
«Korleis vera ein god leiar i eit idrettslag» var eit anna spennande tema.

Jotun Fotball:

Jotunfotball, Florø fotball og Sogn og Fjordane fotballkrets har jobba tett i to år med prosjektet Grøne Arrangement som var ei bestilling frå @sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Jotun fotball var så heldige å bli invitert til å snakke om dette prosjektet. Veldig gode tilbakemeldingar som viser at dette kan jobbast vidare med.

Program :
Program-Trener-lederkonferansen-2022