Tilbod frå Sportshuset – veke 17
11. april 2013
Seriestart!
14. april 2013
Vis alt

Jotun-Sogndal 4 7-2 (3-2)

Johann Traustason og John Valsvik er klare for ein ny sesong

Jotun sitt 6.divisjonslag spela i kveld treningskamp mot divisjonskollega Sogndal 4. Heimelaget fekk ein flott start på kampen, og skåra 2 raske mål i starten av kampen. Målskårarar var Jørgen Eide og Sivert Lågøen. Heimelaget fortsatte å pressa på, og Kevin Øy la på til 3-0 før halvtimen var gått. Siste kvarteret i 1. omgang var det Sogndal som tok over, med god hjelp av ein kald austavind. Dei reduserte 2 gonger, og fekk i tillegg eit straffespark som Adrian Berg redda med eit tigersprang.

I 2. omgangen hadde Jotun vinden i ryggen, og køyrde regelrett over Sogndal. Fabian Labarca (2), Espen Berg og spelande trenar Johann Traustason sytte for skåringane. Med litt betre utteljing kunne sigeren ha vorte større, mellom anna prøvde Emil Hjelle seg på eit frekt hælspark like før slutt som like godt kunne enda i nota.

Kampfakta:
1-0, Jørgen Eide
2-0, Sivert Lågøen
3-0, Kevin Øy
3-1, Sogndal
3-2, Sogndal
4-2, Fabian Labarca
5-2, Espen Berg
6-2, Johann Traustason
7-2, Fabian Labarca

Følgjande spelarar var med:
Kevin Øy, Espen Berg, Espen Hulken Røneid, Espen Wigdahl Huun, Adrian Jensen Berg, Lars Saur Midtun, Endre Saur Midtun, Sjur David Rio, Kim Hjønnevåg, Sivert Lågøen Øvstetun, Sondre Haug, Jørgen Eide, Emil Hjelle, Mads Huun. Johann Traustason, Bartek Cal, Ole Gunnar Valsvik

Neste treningskamp er mot Lærdal 17. april, den kampen går og på Jotun Stadion krøllgras. Deretter er det returmøte med Sogndal 4 27. april.
Sesongen vert sparka i gang heime mot Balestrand 2 30. april.

Johann Traustason og John Valsvik er klare for ein ny sesong

Johann Traustason og John Valsvik er klare for ein ny sesong