ardalenergi
ardalsnett
issb
hummel61x60
9. april 2019
Fv. Marius Kleiven Øy, Hermann Vigdal Øren og Theo Kopperdal (Foto: Privat)

Sjå, ein dommartrio!

I går, mandag 8. april, kom og dommarsesongen i gong med fyrste heimekamp for året, ein 9-ar kamp mellom Jotun G13/14 9 og Balestrand. Jotun ynskjer fleire dommarar og for å gje dei flest mogleg kampar, fleire utfordringar, tryggare rammer og ein auka lagkjensle prøver me i år å stille […]
8. april 2019
F.v Isak Hove, Lidvin Hestetun, Sander Hestetun Kilen, Aleksander Nundal og Kevin Lægreid. Foto: Privat

Sterk innsats i G14 Nasjonalt Tiltak

Heile fem Jotungutar (bilete) spelte i helga 5.-7. april for Team Sogndal (Kretslag for Sogn og Fjordane, G14) under eit såkalla Nasjonalt Tiltak i LSK-hallen på Lillestrøm. Der fekk dei bryne seg mot lag frå heile landet, frå Bodø til Sandnes og gjorde særs god figur med 4.plass i turneringa […]
17. mars 2019

Utdeling av æresteikn under årsmøtet IL Jotun 13.03.2019

Årsmøtet i IL Jotun for 2018, vart halde i klubbhuset 13.03.2019. Det var 31 oppmøtte på møtet.  I tillegg til ordinære årsmøtesaker vart det og utdeling av æresteikn, I år fekk æresteiknkomiteen inn mange forslag. Det er positivt at gruppene fremjar utøvarar, trenarar, eldsjeler innanfor gruppene sine som fortener ekstra […]
12. mars 2019

Lidvin Hestetun, utteken til talentsamling

Det melder Sogn og Fjjordane fotballkrets på sine sider. Det har vorte gjort uttak til Equinor Talentleir for gutar fødde i 2004 og 2005, der LIdvin er ein av to utøvarar som er uttekne frå 2005 kullet. IL Jotun sender Lidvin gratulasjon og masse lukke til på samlinga.
7. mars 2019

Årsmøte 2018

IL Jotun kallar inn til Årsmøte i laget onsdag 13. mars 2019 kl 18:00 i klubbhuset. Velkomne til årsmøtet! Sakliste: Godkjenning av innkalling Konstituering – val av møteleiar – val av skrivar – val av 2 medlemar til å skrive under protokollen Idrettsåret 2018 – Årsmelding – Rekneskap – Revisjonsmelding […]
2. mars 2019

Dette skjer i turngruppa framover…

Det er stor aktivitet i turngruppa om dagen, og planane for våren er klare! I januar starta også eit nytt kull opp med turntreningar, jenter 2009/2010. Desse jentene er superivrige på trening, og viser stor interesse for alt det nye dei er blitt introdusert for. Det blir spennande å følge […]
21. februar 2019

Ny logo på ein av Jotun sine sponsorar.

Dei fleste av oss har lagt merke til at Hydro har bytta logo. Alle gamle logoar skal skiftast ut.  Det er viktig at IL Jotun føl opp dette arbeidet. Alle plassar der me har Hydro reklame skal denne skiftast. Det kan vera skiltreklame i hallen, logo på buss eller klede.  […]
11. februar 2019

«Heilt vilt»

Ja det seier dei to trenarane Aina Heggø og Sofie Moen som no har vore med å skriva historie i IL Jotun.  Underteikna fekk siste meldinga i dag tidleg. Og dei har ikkje landa heilt enno. » Tenk da, tenk da… at me er blant dei 15 beste troppane i […]