Innkalling til årsmøte for 2023.
6. mars 2024
Heider og ære på årsmøtet til IL Jotun!
26. mars 2024
Vis alt

Sander og U19 til EM i juli 2024!

Da er det klart! Sander og resten av U19 landslaget er vidare til EM i juli 2024. Det har vore litt av ei reise for den unge Jotunguten som starta som så mange andre har gjort før han, med knøttefotball og Kongleriketturneringar i 6 års alderen i moderklubben Jotun.
Me har ingen fotballhall i Jotun, og det er heller ikkje mykje plass til innandørs futsaltreningar. Men for dei som elskar fotball er me velsigna med at det ikkje er veldig mykje snø som legg seg i Årdal om vinteren. Det betyr at alle laga i fotballen trassar kulde og «styggever» og møter til trening utandørs fleire ganger i veka gjennom heile vinteren. Flittige trenarar stiller opp frivillig for å verna om venskapet, samhaldet og bidreg til at alle får gode treningskvardagar og hjelp til å  fylgje draumane sine.
Sander har lagt ned ein enorm innsats for å koma dit han er i dag. Han har hatt gode folk rundt seg som har støtta han på vegen.
I tillegg var han ein av mange i det «det berømte 2005 kullet i Jotun» Som den gode leiaren vår Henrik Rønningen seier, «det er heilt naturstridig at ein «liten» klubb som Jotun og ei lita bygd som Årdal har så mange gode spelarar i eit kull. Heile 7 spelarar frå 2005 kullet vart uttekne til å spele på kretslaget til Sogn og Fjordane. Det skjer ikkje kvart år.
Sander var heldig som hadde så mange gode spelarar rundt seg som han kunne utvikle seg saman med kvar einaste dag. Og dei andre spelarane var heldige som hadde Sander.

På det andre biletet (lånt av Haugen fotball) ser ein gutane frå 2005 kullet som var ein del av treningskvardagen til Sander. I tilleggg hadde dei ein talentfull keeper som også vart utteken til krets.
Sigve Midtun, vaktar i dag buret for Årdal FK.
Sander drog til sogndal på skule like før han avslutta ungdomsskulen. Der kom han inn i gode treningsgrupper i Sogndal fotball.
I fjor opna det seg ein ny muligheit for Sander da han vart kontakta av Ålesund og vart enige om ein overgang frå Sogndal. Sander rakk å debutere i eliteserien før Ålesund rykka ned etter fjorårssesongen.
Sander har gjort sine saker svært godt i Ålesund , noko som heilt sikkert har resultert i uttak på G19 landslaget.
Dei som har fulgt kampane i kvalifiseringa ser at han har vore mykje involvert og har vist at han fortener til fulle ein plass på laget.
Me i Jotun fotball er stolte. Ikkje berre over Sander men også alle dei andre Jotnane som kjem seg fram og viser at det går an å koma frå ein liten klubb som er tufta på frivilligheit,  pappa og mammatrenarar.
Me ynskjer Sander masse lukke til vidare og gler oss til å fylgja deg både i Ålesund og på G19 landslaget.