11. november 2018

Enorm innsats, haust stemne på Eid!

Denne helga har ein liten gjeng frå symjegruppa vore på Nordfjordeid på hauststemne. Og for ein gjeng! Personleg rekordar på absolutt alle symjarane. Så kjekt for alle saman ! Rekruttane våre: Dei flinke rekruttane våre viste strålande innsats i helga. Oliwia og Augustas hadde sitt fyrste stemne utanfor Årdal. Medan Vilde […]
1. august 2018

Vasstilvenning-/symjeopplæring Vang mottak.

Dei siste 4 vekene har symjegruppa i IL Jotun hatt vasstilvenning og symjeopplæring med mottaket i Vang i regi av UDI. På det meste har det kome 70 personar med buss og privatbilar frå Vang. I tillegg har dei hatt med personar som jobbar ved mottaket. Me i symjegruppa er […]
5. juni 2018

Førdesprinten 2018

Helga 2-3 juni vart den tradisjonelle Førdesprinten  i symjing arrangert i Førdehuset. 250 symjar frå store deler av landet hadde møtt fram. IL Jotun hadde denne gangen ei lita gruppe med, men dei var jammen med til gangs. Til venstre ser me deltakarane på IL Jotun sin mix lag i […]
12. januar 2018

Velkommen på symjetrening !

Da er det stadfesta at bassenget i Årdalshallen opnar att fredag. Symjegruppa startar dermed oppatt med trening måndag 15.jan. Me har følgjande treningstilbod: Måndag 16.30-17.30 (rekrutt 5.-6.klasse) Måndag 17.30-18.30 (7./8.klasse og eldre) Tysdag 19.45-20.45 (7./8.klasse og eldre)… Torsdag 16.00-17.00 (7./8.klasse og eldre) Ynskjer alle velkomne på trening😊.
19. november 2017

Super innsats ! Hauststemne på Eid.

Denne helga (18-19 november ) har Eid symjeklubb arrangert hauststemne. IL Jotun reiste med ein tropp på 8.  Pga ein del kolliderande aktivitetar vart vi ikkje så mange som me håpa på.  Den flotte gjengen som reiste gjorde ein formidabel innsats.  Det vart personlege rekordar i fleng. Ekstra kjekt er […]
21. september 2017

Oppstart symjetrening

Fyrstkomande mandag startar me oppatt symjetrening . Treningstidene vert slik: Mandag 16:30 – 18:00  For 5-6 klasse . Dersom nokon av dei eldre symjarane har lyst på ei ekstra treningsøkt, lagar me til ei bane til dykk frå kl 17.00 Tysdag: 19:45 – 20:45  For 7 klasse og eldre Torsdag: […]
12. juni 2017

Klubbstemne i symjing

Symjegruppa i Jotun inviterer alle medlemmer av Jotun IL og Årdalstangen IL til uoffisiellt symjestemne i utebassenget i Øvre Årdal. Stemnet er 17. juni, og det startar kl. 10:00. Øvingane vert: 50 m. fri, bryst og rygg. 100 m. fri og bryst. Stafett junior og senior. Åpnar for lengre distansar […]
25. mai 2017

Flott dugnadsinnsats i utebassenget!

Symjegruppa ved hjelp av frivillig innsats har hatt vaskedugnad i utebassenget.  Etter 2 ettermiddagar-/kveldar vart me endeleg ferdige. For ein fantastisk gjeng som er i symjegruppa. Stiller opp både mødre og fedre, og aktive symjarar.  Ei spesiell takk til Irene Ruud som stiller opp for Jotun uansett når vi spør henne.  […]