Treningsavgift 2022
25. november 2022
Trenarutdanning i symjegruppa 25-27.11.22
6. desember 2022
Vis alt

Treningssamling i symjing

Symjegruppa arrangerte 19 november ei ung-samling for symjarar frå Sogn og Fjordane. Dette vart ei flott helg, der 35 symjarar frå dei fleste av klubbane i krinsen, frå Stryn til Aurland, var representerte. Det var fullt i bassenget! Symjegruppa leigde inn unge godt utdanna trenarar frå Eid og Førde, og målet var at symjarane skulle få kjenne litt på korleis det er å vere med på treningssamlingar i symjing. I tillegg var fokuset det sosiale, og det å ha det kjekt i vatn. Det skulle også vere eit sukkerfritt og gratis arrangement. Etter ei økt i bassenget, med både mengdetrening og teknikk, fekk utøvarane frukt og grønsaker, før ei landtreningsøkt i turnhallen. Mange fekk lyst å byrje på turn når dei såg den fine turnhallen vår!

Deretter var det pizza frå Tya i Jotunhuset, og smitt og smule blei oppete! Ein blir svoltne når ein trenar! Under middagen fekk dei sjå ein film, for kvile (restitusjon) er viktig. I over ein time var det heilt stille i Jotunhuset, så det var nok godt å få slappe av. Litt popkorn til filmen var sjølvsagt innanfor! Så avslutta dei med nok ei treningsøkt i bassenget.

Det virka som alle hadde det kjekt, og fleire meinte at trenarane måtte kome tilbake snart. Ein frå Stryn lurte på om det same opplegget neste laurdag og, for det ville han på! Me tolkar det dit at det var ei vellukka samling. Trenarar frå klubbane fekk utveksla erfaring, og nye samarbeid vart avtala. Slike samlingar er nok komne for å bli! Og det aller kjekkaste var på få sprute vatn på trenarane då samlinga var ferdig!