«Midt i Trynet» – Årdal kulturhus 22.11.22
24. november 2022
Treningssamling i symjing
5. desember 2022
Vis alt

Treningsavgift 2022

Kvart år vert det i tillegg til medlemskontingent fakturert ut treningsavgift. Satsane har ikkje vore forandra dei siste 4 åra.
Treningsavgift skal vera med å dekke blant anna dei kostnadene som gruppene har til leige av hall og baner. Det er betydelege kostnader i løpet av eit år.
I IL jotun betaler ein samla treningsavgift uavhengig av kor mange grupper ein er med i. Ein kan delta i ei eller 7 grupper, og avgifta er den samme.
Frå ein startar i 5 klasse er det tilbud i alle særidrettar i Jotun. Nokre av gruppene startar tidlegare med aktivitet. Det avheng om ein får foreldre-/vaksne til å ta på seg trenaransvar.
Avgifter er som fylgjer:

(I gjennomsnitt er det treningar 10 mnd pr år)

Medlemskontingent : kr 150,-
Famiiekontingent ; kr 400,-

Fødselsår Avgift Pr.md Gruppe Grupper med eiga avgift
2016-2015 450 45 Allidrett
2014-2013 500 50 Allidrett
2012 950 95 kan delta i alle grupper Motorsport
2011-2010-2009 1500 150 kan delta i alle grupper
2008-2007-2006 1800 180 kan delta i alle grupper

For dei som har med fleire ungar i idrettslaget er det 25% moderasjon på den bilegaste avgifta. Det er ikkje søskenmoderasjon i allidretten.
Dei gruppene som har utøvarar over 16år , er det gruppa sjølv som krev inn avgifta.

Styret
IL Jotun