Symjestemne på Eid 5 og 6 november.
15. november 2022
Treningsavgift 2022
25. november 2022
Vis alt

«Midt i Trynet» – Årdal kulturhus 22.11.22

-Ekte -ærlig -usensurert -rett frå levra -Midt i trynet –

Dei orda møter deg , klokka  09.50 tysdag morgon. Årdal kulturhus fyller seg av elevar medan introen frå foredraget vekkjer interessa til elevane som finn plassane sine i salen.
…vidare kan dei lese : ein narkoman sine eigne beretningar om levd liv, og vegen tilbake til å fungere i samfunnet.

På slaget 10 starta det, Torbjørn entra scena, tok oss tilbake til siste skuledag i 10 klasse på ungdomsskulen. «Endeleg – det var ferie, det var seine netter, det var bading, det var fest og det var kjærastar» Frå det øyeblikket var elevane og dei vaksne bergtekne. Til og med oss som har over 60 år bak oss kunne kjenne følselsen av å vera tilbake på ungdomsskulen nettopp denne dagen.
Deretter vart me med på Torbjørn si reise gjennom vidaregåande. Ein nokså normal gut som lett kunne teke feil val , men valde å gå i rett retning i vegkrysset. Men det kosta ein del , det kosta han vener han mista kontakten med. Nokon av dei hadde vore dei aller beste venene hans.

Før hovudpersonen Richard entra scena vart det vist ein film som var teken opp då livet til Richard  var på det tøffaste. Filmen enda med å vise ein fortvila  Richard oppløyst i tårer over det livet han levde.
Richard entra scena, ein flott mann på 38 år som hadde kasta vekk over 20 år av livet sitt. Sårbar, men fantastisk sterk stod han der framfor alle elevane , med eit brennande engasjement om å få fram på ein brutal og ærleg måte det livet han har levd og all elendigheit han har gått gjennom nettopp for å leve eit slikt liv. Og Richard sitt aller, aller største ønske er at han klarer å formidle historia si slik at unge skal ta ein annan retning i vegkrysset enn kva han sjølv gjorde.

Ein kunne høyre om ei knappenål fall i golvet. 100 lydhøyre elvar var musestille.

Foredraget vart lagt opp som interaktiv kommunikasjon med elevar heile vegen. Det vart stilt direkte spørsmål frå scena som elevane svara på via mobilen, heilt anonymt.
Og undersøkelsen viste omtrent same svar i Årdal som det gjer andre stader dei besøker.
Ja, elevar i ungdomsskulealder drikk alkohol og ja, elevar i ungdomsskulealder har prøvd andre rusmiddel.

Hjelpeapparata har endra seg mykje sidan Richard var ungdomsskuleelev. Det er mange gode hjelparar i skulemiljøet. Det viktigaste budskapet hans er at dersom ein har problem, tørr å snakke om det. Om ein ikkje vil snakke med foreldre, gå til helsesøster på skulen som veit korleis dei skal møte deg. Og like viktig er, har du ein venn som har problem, ver open om at du er bekymra og vil hjelpe.
Både politi og Årdal tenk tryggleik var på plass under foredraga og understreka det same som Richard seier. Ta kontakt med hjelpeapparat eller politi. Dei er der for å hjelpe ikkje for å straffe.

Om kvelden var det foreldre, sponsorar og andre som fekk høyre foredraget.

Foredraget starta med den same introen medan foreldre fylte opp seta i salen. Og på slaget 19.30 entra Torbjørn scena. Men no var han ikkje ein ungdomsskuleelev som skulle nyte sommaren med fest og moro.
No var han firebarnspappaen som skyssa ungane til og frå trening. Smurte matpakkar og skyssa til skulen. Ikkje nok med det, så skulle eldste jenta konfirmerast og huset skulle vera nyvaska, lister og maling som mangla skulle fiksast og som om ikkje det var nok skulle det byggast ein diger terrasse i hagen slik at hagen framstod som den vakraste i nabolaget….

Før Richard kom på scena i foreldreforedraget, fortalde Torbjørn litt om si reise og korleis han hadde treft Richard gjennom den jobben han har drive med i organisasjonen Gatelangs.
Richard var så langt nede og det einaste og største ønsket han hadde var at Torbjørn kunne hjelpe han med å setje saman eit foredrag der han kunne reise ut til elevar og snakke om det «helvete» han har gått gjennom med eit HÅP om at han kunne hjelpe unge til å ta andre val enn dei han sjølv tok.
Det var ein tydeleg prega Torbjørn som fortalde dette. Han måtte ta nokon pausar før han klarde å halde fram.
Foreldra fekk den same ærlege, sterke historien frå Richard som han hadde gitt til elevane.

Mange fann vegen fram til Richard etter foredraget for å helse på, takke og ønske lykke til vidare med fleire viktige foredrag.

IL Jotun og Åtil er svært glade for at primus motor Vigdis Lio engasjerte seg for å få dette foredraget til Årdal. Når me vart spurt om å bli med å arrangere var det ikkje vanskeleg å seie ja.

Sponsorane har vore fantastiske. Hydro Årdal, Sitla Hotell, Årdal Catering, Tide Buss, Veekiosken, Monter Andersen, Indre Sogn Bil AS, Parata AS, Impec AS, Økonomiservice AS, FAU Øvre, FAU Årdalstangen, Sparebanken Sogn og Fjordane  Årdal Kommune og Klassekull 1961.

Det er tydeleg at næringslivet set pris på slike arrangement. Arrangørane sat att med kr 28.000 i overskot som i sin heilheit vart overlevert til ungdomsklubbane i Årdal.

Tusen takk til alle for støtte og for at de møtte opp og høyrde på ! Og ikkje minst, tusen takk til Richard og Torbjørn for at det reiser rundt og formidlar!!