Gladnyheiter på «løpande bånd»
23. november 2021
God Jul !
23. desember 2021
Vis alt

Symjestemne på Eid 26.-27.november

I dag mimrar me tilbake på «gode» tider. Me hadde fleire gode hendingar i den tida idretten var «open» att. Her er eit innlegg frå symjegruppa til Jotun:

Solfrid, tomine og Sig

Symjegruppa deltok siste helga i november endeleg på stemne igjen! Denne gongen var det Eid som inviterte til 40- års jubileum. Det var ikkje så mange deltakarar som deltok approbert, men rekruttstemnet var stort. I pausen sumde tidlegare symjarar frå fleire av klubbane, noko som var ekstra stas!

Tre av utøvarane våre deltok, og for Sigurd var dette første gongen han deltok i konkurranse (approbert). Alle tre gjorde ein kjempeinnsats, der dei sette mange personlege rekordar. Tomine var mest nøgd med 50 m fri (32,43), men persa mellom anna med nesten 6 sekund på 200 m fri (2.34,82). Solfrid persa med over 30 sekund på 400 m fri (6.37,26).  Ho forbetra tidene på samtlege av øvingane ho var med på. Sigurd sumde inn til førsteplass på 50 m bryst og ny pers. Til saman kom dei heim med 12 førsteplassar.

Neste stemne blir Årdalsstemne, 5 og 6 februar. Me gler oss!!