Livsviktig kurs !
11. november 2021
Symjestemne på Eid 26.-27.november
17. desember 2021
Vis alt

Gladnyheiter på «løpande bånd»

Sist helg mottok Eirik Lereng «Tullen «prisen. Det er andre året på rad at det er ein Årdøl som spelar på Sogndal som mottek denne hedersprisen. Som me alle veit mottok Sivert Mannsverk den i fjor. Det er veldig stas for oss inst i fjorden at gutane som har hatt barnefotballen og deler av ungdomsfotballen i Jotun gjer det så godt i nye klubbar.

Eirik Lereng mottek Tullen prisen frå represntant i frå Fotballkretsen Jon Georg Rutledal

Sivert og Eirik, dei to kompisane som har opplevd så mykje saman, vunne store prisar og meisterskap.
Underteikna har fulgt gutane sidan knøttefotballen. Og dei viste fort at dei allereie da låg «langt framme» Dei scora ikkje alltid dei fleste måla ( det kunne dei gjort), men dei var lagspelarar i høgaste grad. Dei spelte ball. Gang på gang sende dei ballen frå seg til medspelarar som kunne setje ballen enkelt i mål.
Og det som gjer oss ekstra stolte er når me høyrer at desse to gutane vert snakka om i Forbundet som referansespelarar. Ikkje berre for det fotballfaglege, men måten dei oppfører seg på blant medspelarar, støtteapparat og trenarar. Når ein høyrer slikt , bankar hjarta ekstra hardt. Det er utruleg kjekt for spelarane å motta slike prisar. Det er mykje hardt arbeid, og det er både nedturar og oppturar ein må takle. Det er heilt sikkert mykje dei forsakar, men også mykje dei opplever.
Bak alle resultat , krevst det eit enormt støtteapparat. Og det største apparatet er nok alle dei heime. Både mamma Annbjørg, pappa Alf Roger og syskjena har betydd alt for Eirik. For at det heile skal gå rundt, er ein heilt avhengig av hjelp og støtte heimefrå.

Stolt familien Lereng,  biletet er teke av Sogn Avis. ( underteikna spurde om å få låne det frå familien).

 

Heile IL Jotun ynskjer å gratulere Eirik med den flotte prisen. Men gler oss til å fylgja deg framover !!

Når me no fyrst er begynt å skriv om tidlegare Jotun spelarar, kan me ikkje unngå å nemne Sivert Mannsverk. Eg er sikker på at eg har alle med meg når eg jublar på hans vegne over dei resultata han har oppnådd i Molde. Fleire kampar på rad har han spelt heile kampen og det virkar som han i ein alder av 19 år har etablert seg på eit av Norges beste lag. Det er så stort at det er nesten ikkje til å forstå.   I tillegg har Sivert fått tillitt på U-21 landslaget sjølv om han  har stått over fleire treningar og kampar pga skade.
På sist landskamp fekk han til og med overta kapteinsbindet dei siste minuttane !!

Underteikna har og fått låne eit bilde av bestemor Heggheim som mamma Anita har frå landskampen :
Sivert saman med sogndølen Johan Hove som sette inn eitt av måla for Norge.
Folkens ……Me har mykje godt i vente  !!
Men det stoppar ikkje der ! Me har fleire Årdøler som har teke steget og reist frå trygge Årdal for å satse på fotballen. Ein av dei fyrste i nyare tid som reiste, var Edin Øy. Også han framleis ung, men har likevel opplevd å spele på høgt nivå andre stader.
Han har mange kampar i Sogndalstrøya etter å ha spelt barne og ungdomsfotballen i Jotun og Årdal FK.
Han har vore i Førde og den svenske klubben Ljungskile. I dag spelar han i Ull/Kisa.

Edin har 4 landskampar for U-18 landslagett (2018)
Men i Øy familien er det ein gut til. LEANDER ( LÆNDIS) med store bokstavar. For han er stor ! Ikkje berre på fotballbana, men som ein gledesspredar og morroklump som alle vert glad i. Frå å vera stamgjest i fotballkiosken ( han elska skulebollar og gode kaker ), til å bli så målbevist både på kosthold og trening ….nei det var ikkje lett å forstå ,den gangen han stod i kioskluka og brukte pengane sine på søtsaker. Heilt til mamma Beate kom springande og sa at no var det nok 🙂 Leander har inngått proffkontrakt med Sarsborg 08 trass i sin unge alder. Var utteken til landslagssamling , men ein skade stoppa desverre den. Men me er overbeviste om at her vert det fleire sjansar.
Dei siste som har reist til Sogndal for å satse på fotballen er Sander Hestetun Kilen,  Lidvin Berge  Hestetun ( begge IL Jotun) og Isac Bergerud ( Åtil og Jotun)
Jotun inngjekk avtale med Sogndal fotball for godt over 2år sidan om at dei skulle spele på Utviklingslaget til Sogndal fotball og delta for dei i turneringar. No går alle tre på skule i Sogndal og spelar og på guttelaget til Sogndal som vart krinsmeisterar no i haust.  I tillegg har dei spelt på NG 16/18 laget til Sogndal. Jotun fotball hadde eit heilt spesielt kull i 2005 årgangen. Det var 8-9 Jotunspelarar som var etablert på kretslaget. Det er veldig spesielt for ei så lita bygd .

Jotun får gode tilbakemeldingar frå Sogndal om desse spelarane. Sogndal G15/17 med tre årdøler som drog krinsmeister tittelen i land.
Jotun vann bronsmedlajen. Flott prestasjon av Jotun gutane og som har bete godt frå seg, sjølv om dei ikkje har Sander, Lidvin, Joakim, Isac og Sigve på laget lenger.

Joakim Nundal har etablert seg på fyrste laget til ÅFK. Og har verkeleg synt at han har fortent plassen der . Sigve Midtun , keepertalentet som også var på dete berømte 2005 kretslaget har og meldt overgang til  ÅFK.

Og ja…sjølvsagt ville me hatt dei utflytte gutane heime, både på skulegang og i fotballen. Men me har god dialog med klubbane som desse flotte gutane har reist til og me vil støtte dei herifrå og håpa at dei lukkast i vala sine.
Dette er flotte gutar alle saman og me ynskjer dei all muleg lukke til med fotballen !!