Kongleriket, Sparebanken Sogn og Fjordane
28. oktober 2021
Gladnyheiter på «løpande bånd»
23. november 2021
Vis alt

Livsviktig kurs !

Symjegruppa arrangerte måndag livredningskurs i Årdalshallen. Dei leigde inn ekstern instruktør for Vestland i regi av Svømmeforbundet, Christine Dyngeland Kjellid. Deltakarar var trenarar, foreldre og mastersymjarar (den eldste gruppa) frå symjegruppa, samt representantar frå Årdal kommune og Årdal Vgs. Christine var kunnskapsrik og engasjert, og praktiserte «læring ved å gjere». For å bli ein god livreddar, må ein trene mykje. Fyrst førstehjelpskurs med fokus på pust og hjartekompresjon, så opplæring på hjartestartar før livredning i vatn. Til slutt var det dykkarprøve, der mange nok var spente! Det gjekk bra,  alle bestod prøva!
Christine tykte det var veldig kjekt å få kome hit til Årdal, så ho kjem likegodt tilbake for å ha instruktørkurs tredje helga i februar. Symjegruppa håpar på like god deltaking da.

Me vil takke hovedsponsorane våre som gjer det mogeleg for oss å få leigd inn den beste kompetansen.