Eitt steg nærare kretsfinale !
21. oktober 2021
Livsviktig kurs !
11. november 2021
Vis alt

Kongleriket, Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av IL Jotun sine hovedsponsorar. Kvart år støttar dei Jotun med store summar som  gir idrettslaget muligheit til å driva god aktivitet for born og unge i bygda. I tillegg til fast sponsoravtale gir dei og store bidrag gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Me er heilt avhengige av deira støtte for å kunne drive så stor aktivitet me gjer i dag.
Viste de og at Sparebanken Sogn og Fjordane har eit eige konsept for born under 8 år ? Ikkje,..?? Da rådar me dykk til å gå inn på denne lenka og lese meir om Kongleriket. 
Her er mange aktivitetar borna kan bli med på og det vil og dukka opp overraskingar i banken med jamne mellomrom.  Når borna er 5 år, det året dei skal byrja i skulen vil dei  stifte kjennskap med Kongleriket turneringa gjennom idrettslaget. Kvart år arrangerer Sogn og Fjordane Fotballkrets saman med Sparebanken Sogn og Fjordane Kongleriket turneringar i heile Sogn og Fjordane. Desse turneringae gir klubbane høve til å tene litt ekstra til klubbkassa, og ungane vert kjende med viktige tema. Kvar turnering har eit tema. Eat, Move , Sleep – Trafikktryggleik – fairplay – miljøfokus.
Ved Sparebanken Sogn og fjordane sitt kontor i Øvre Årdal sit to veldig kjekke og flinke jenter , Anne Steinheim og Siljve Rivedal. Ta kontakt med dei. Dei hjelper med alt du lurer på om privatøkonomi. Er du bedrift og treng gode råd ? Da tek du kontakt med Anita Lægreid og me garanterer at de ikkje vert skuffa.
Sparebanken Sogn og Fjordane støttar oss, og me håpar medlemane i Jotun også vil støtte dei.