Gruppeårsmøter IL Jotun 2023
31. januar 2024
Innkalling til årsmøte i IL Jotun for 2023
25. februar 2024
Vis alt

Heilt fantastisk, rett og slett!

Det var litt av ei overrasking dei kom med, ÅFK mødrene. Tenk ein sjekk på kr 25.000 til kvar av klubbane ÅTIL og Jotun ! I tillegg har også barnekreftforeningen fått midlar frå ÅFK mødrene.
Dei aktive damene driv med mykje meir enn å stå i kiosk på alle ÅFK sine kampar. I tillegg organiserer dei innsamlingsaksjonar til gode føremål, både rosa Sløyfe, Barnekreftforeninga , dei er sangforfattarar, spelar inn musikkvideoar, lagar kalendarar og no også gåve til aldersbestemt fotball i Åtil og Jotun. Midlane som aldersbestemt fotball har fått kom also som eit resultat av kalendersalg. Reknar med dei fleste har sett og kjøpt den populære ÅFK kalendaren. Der spelarane byr på seg sjølv i form av svært lettkledde bilete 🙂 Det var vel ikkje heilt frivillig at alle poserte halvnakne…. Dei hadde eit krav for å gjera det og det var at overskotet skulle gå tilbake til aldersbestemt og det arbeidet samarbeidsklubbane gjer i kvardagen. Dei skal alle bli seniorspelarar ein dag, så jobben med rekruttering i aldersbestemte lag er viktig!
ÅFK mødrene ville ikkje øyremerka midlane til spesielle føremål. Dei stola på at klubbane forvalta pengane fornuftig.  Men me kjenner likevel til at dei har nokon hjartesaker dei brenn for. Både ÅTIL (dansken :-)) og Jotun lovar at me skal ha ei god gjennomgang  i styreromma våre og at midlane skal gå til gode føremål som gagnar både jenter og gutar i klubbane.
Mandag 26 februar kjem Alt for Årdal på TV. Eit godt råd er å stå opp ein halvtime før de vanlegvis gjer, så rekk de sjå dagens episode før de reiser på skule eller jobb.
Enno eit tips …følg med på FrukostTV på TV2 mandag morgon. Der kjem det garantert til å vera kjenstfolk.
PÅ vegne av Jotun fotball, tusen, tusen takk til ÅFK mødrene for gåva !Tusen takk også til næringslivet i Årdal for at de støtta arbeidet til mødrene.  I lag med mødrene har de bidrege til at aldersbestemt fotball kan ta imot ei slik gåve.