Innkalling til årsmøte i IL Jotun for 2023
25. februar 2024
Innkalling til årsmøte for 2023.
6. mars 2024
Vis alt

«Bruk Hue»

Alle kvalitetsklubbar skal kvart år jobbe med utvalde tema innanfor trygge rammer. I 2024 ynskjer NFF Sogn og Fjordane å få med alle klubbane, med kvalitetsklubbane i spissen – på å setje fokus på nettmobbing og utanforskap på borna/ungdomane sine fritidsarenaer.
Gjennom Bruk Huekampanjen til Telenor ønskjer vi at alle fotballag frå 10 til 19 år ser filmen som høyrer til i kampanjen og saman snakkar om korleis ein ønskjer å ha det på sitt lag.
Saman vil fotballen i Sogn og Fjordane slå ned på dette og fortsette å dyrke det gode fellesskapet som fotballen gir oss.
Jotun fotball vart svært glade då me same dagen som me sende ut mail om dette fekk tilbakemelding frå eitt kull som ville starte sesongen med ei samling der «Bruk Hue» var tema.

Jenter 2013 starta fyrste trening med samling i klubbhuset der dei tok ei grundig gjennomgang og laga felles reglar for korleis dei ville ha det i eige lag. På førehand hadde trenar Kristiane Seim bestilt materiell som tilhøyrer «Bruk Hue» kampanjen og heile kullet såg filmen som høyrer til.
Etterpå samla dei seg i grupper, kosa seg med frukt og laga felles reglar på korleis dei vil ha det på sitt lag. Og korleis ein skal behandle og oppføre seg mot kvarandre.
I tillegg har ein av våre gode samarbeidspartnerar Agnitio AS kjøpt inn luer som dei delte ut til jentene. Det fine med desse luene i tillegg til at dei var mjuke og varme, er at skrifta på dei ( Agnitio) er refleksmateriale. Så dei vil lyse fint opp i når det er mørkt ute. TUSEN TAKK TIL AGNITIO AS !!
Under kan de sjå bilete frå den fine økta som Jenter 2013 hadde i klubbhuset !
Jotun fotbal ynskjer at alle lag skal ha ein slik gjennomgang i eige lag. Ta gjerne kontakt med Kristiane om det er noko de lurer på !