Knøtteturnering flytta til 2.juni
5. mai 2013
Fotballforsikring
15. mai 2013
Vis alt

Ny siger og tabelltopp

6. divisjonslaget vann med solide 4-1 mot Sogndal 4 på Jotun stadion i kveld. Dei grøne og raude hadde full kontroll på kampen, og sigeren burde vore større.

Jotun tok leiinga ved Kim Hjønnevåg, før Sogndal utlikna på eit vådeskot. Like før pause gjekk Jotun på ny i leiing, denne gongen ved Espen Berg som lobba ballen fint i lengste hjørne. Dette var og pauseresultatet.

I 2. omgang styrte Jotun kampen fullstendig, og det var fullt fortent når Johan Traustasson sette inn 3-1 etter flott spel. Heimelaget pressa på utover omgangen, men laget vart for unøyaktige innanfor Sogndal sin 16-meter.

Like før slutt auka heimelaget til 4-1, Kevin Øy tok elegant ned eit gjennomspel før han sette ballen sikkert nede i hjørna. Flott nedtak og flott skåring av kaptein Øy.

Trenarane Johan Traustasson og John Valsvik var svært nøgde med sigeren, men ikkje heilt med spelet.

– Me hadde full kontroll fyrste kvarteret, men so gav me frå oss initiativet. Utlikninga var unødvendig, seier Valsvik. Me skal likevel vere nøgde med poenga, det er tross alt det som tel avsluttar Valsvik.

Neste kamp for laget er heime mot Hafslo 21. mai.

1-WP_000344

Trenar John Valsvik dirigerer troppane!