Jotunsangar
15. mai 2013
Oversikt dommarar
24. mai 2013
Vis alt

Ny storsiger i 6. divisjon!

Lagbilete frå heimekampen mot Hafslo 21.05.2013

Jotun hadde full kontroll frå start til mål i kampen mot Hafslo på kunstgraset i kveld. Ein suveren fyrsteomgang resulterte i 3 flotte mål. I 2. omgang la kaptein Kevin Øy på til 4-0, noko som og vart sluttresultatet.

Fyrste 10 minuttane av kampen var Hafslo nokonlunde med på notane, men resten av omgangen var det kun eit lag på bana. Jotun rulla opp det eine angrepet etter det andre, og spesielt Kim Hjønnevåg var på hugget i kveld. Det var og Kim som fekk æra av å skåra det fyrste målet i kampen. Han vart spela fri på venstre sida, og åleine med målvakten gjorde han ingen feil.

Lagbilete frå heimekampen mot Hafslo 21.05.2013

Lagbilete frå heimekampen mot Hafslo 21.05.2013

Venstresida til Jotun rulla opp fleire angrep, og det var venstreback Ole Gunnar Valsvik som stod bak mål nummer to. Valsvik kom til linja, og det knallharde innlegget gjekk via ein Hafslospelar og rett i noti.

Heimelaget gav seg ikkje med dette, og like før pause var Espen Berg påpasseleg framme etter ein retur og sette ballen i mål frå skrått hald. 3-0 til pause var ikkje eit mål for mykje!

2. omgangen fortsette som fyrste slutta, med eit massivt Jotunpress. Diverre var utteljinga litt for dårleg, noko trenarapparate må jobba med før neste kamp. Kjartan Furebotn hadde mellom anna eit par sjansar som nokon av supporterane på sidelinja meinte burde ha enda i nettsus.

Sluttresultatet fastsette Kevin Øy då han hedda ein retur frå overliggaren i mål bak ein forfjamsa Hafslomålvakt.

Dagens situasjon, frå dagens Jotunspelar Bartek Cal, var 3 tunnellar på rad mot frustrerte Hafslospelarar.

Trenar John Valsvik var svært nøgd med kampen.
– Unggutane vert betre og betre for kvar kamp, og i dag hadde me full kontroll. Hafslo var litt med på notane fyrste ti minuttane, men etter det var me klart best seier Valsvik. – Me må bli betre til å sette sjansane våre, men uansett so var dette ei flott oppleving avsluttar John Valsvik.

Laget har no 10 poeng på 4 kampar, neste kamp vert borte mot Vik/Syril 2 på Leikanger.

1-0 Kim Hjønnevåg, mot Hafslo 21.05.2013

1-0 Kim Hjønnevåg, mot Hafslo 21.05.2013

Innlegget frå Ole Gunnar Valsvik som førte til 2-0

Innlegget frå Ole Gunnar Valsvik som førte til 2-0

3-0, Espen Berg - Mot Hafslo 21.05.2013

3-0, Espen Berg – Mot Hafslo 21.05.2013

4-0, Kevin Øy - Mot Hafslo 21.05.2013
4-0, Kevin Øy – Mot Hafslo 21.05.2013