Klart for Gothia Cup 2013
11. juli 2013
Horvei med Sogndal til Haugesund
15. august 2013
Vis alt

Gothia Cup 2013

For tredje året på rad deltok Jotun med lag i Gothia Cup. Turneringen i Gøteborg er rekna som ein av dei største i verda med totalt 37000 spelarar i aksjon.

Gutelaget kom i år til A-sluttspelet etter å ha vorte nr. 2 i pulja. Fyrste sluttspelskamp vart dramatisk, men dei raude og grøne trekte det lengste strået i straffekonkuransen etter 5 solide straffar. i 32. delsfinalen vart diverre svenske Rødby for sterke. Likevel ein sterk prestasjon av gutane.

Her er kampane til gutelaget:

Tynecastle Football Club-IL Jotun 4 – 0
IL Jotun-Eskilstuna City FK 2 1 – 1
IL Jotun-Club da Turma 2 – 0
Stars’n Stripes-IL Jotun 5 – 7
Rödeby AIF-IL Jotun 3 – 0

Jentelaget spela og nokre gode kampar i turneringa, men rauk ut i fyrste kamp i B-sluttspelet for tyske Buntentor. Kampen enda 2-1 til det tyske laget.

Her er kampane til jentelaget:

IL Jotun-South Cave JFC Wildcats 0 – 3
NSA-IL Jotun 0 – 0
Stuvsta IF-IL Jotun 2 – 0
IL Jotun-ATS Buntentor 1 – 2

I tillegg til fotballen vart det og høve til å besøke Liseberg fleire gonger. Fredag vart det og arrangert tur til Paintballfabriken der det vart utkjempa harde kampar mellom dei oppdelte laga.

_ACT1703

_ACT1779

_ACT1849

_ACT1805