Oppdatert! Info – Faabergturneringen
15. august 2013
God start på Fåberg!
16. august 2013
Vis alt

Klart for haustsesong

Sommarferien er over, og det er no klart for ein spanande haustsesong for laga frå Jotun. Ferien vert avslutta med Faabergturneringen denne helga, der Jotun har med heile 7 lag.

6. divisjon herrer leiar serien etter vårsesongen, og slik det ser ut no så er det Hafslo som vert sterkaste konkurrenten til den eine opprykksplassen i avdelingen. Laget har mista nokre spelarar etter vårsesongen, då fleire reiser på skule utanfor bygda no denne hausten. Nye i stallen er Roy Olsen, Ruben Aspeseter og Andreas Hestetun.

Lagbilete frå heimekampen mot Hafslo 21.05.2013

Lagbilete frå heimekampen mot Hafslo 21.05.2013

Damelaget har og mista 2 spelarar før haustsesongen, og har no kun 15 spelarar i stallen. Sportsleg leiar Arne Håkon Laberg kan tenkje seg fleire damer i stallen. Dersom nokon spreke damer har lyst til å prøve seg på trening, so er det berre å møte opp søndagar 19:00, måndagar 19:00 og onsdagar 19:00. Ta gjerne kontakt med trenar Kai Wigum på 922 89 815 i forkant.

_ACT1805

Damelaget treng fleire spelarar, tek du utfordringa?

Komplett oversikt over kampane til laga våre finn de her på heimesida: http://jotun-fotball.no/kalender-5/

Sonemeistrar 9ar fotball G13/14.

Sonemeistrar 9ar fotball G13/14, 1. divisjon frå hausten!

Her er kampoversikt og tabellar for laga som deltek i seriesystemet:
G15/16 – 2. divisjon avdeling 1
G15/16 7ar
G13/14 9ar – 1. divisjon avdeling 1
G13/14 7ar
J13/14 9ar
J13/14 7ar
G12 -1
G12 -2
G11 -1
G11 – 2
J9/10
J12 – 1
J11
G09
G10