Ny fin dag på Fåberg
17. august 2013
Oppsett dommarar i haustsesongen
22. august 2013
Vis alt

Jotun banka Hafslo

Det var duka for ein tidleg seriefinale da Jotun tok turen til Hafslo i dagens 6. divisjonskamp. Jotun stilte med fleire nye spelarar blant anna Roy Olsen, Andreas Hestetun og Ruben Aspeseter.

Kampen starta noko nervøst for Jotun som sleit med å få ro i spelet, og heimelaget tok tak i kampen, men utan å skapa nemneverdige sjansar. Den første sjansen var det Jotun som fekk da Jørgen Eide kom aleina med keeper, men diverre so sette han ballen utanfor.

Same mann skulle få æra av å opne skåringsballet. Han sendte avgårde eit skot som traff ei real tubba og spratt over ein utspelt keeper. No byrja bortelaget å få meir kontroll over kampen og klarte og skapa nokre fleire farlegheiter utan å få utteljing. Dermed stod pauseresultatet seg til 1-0.

Etter tidenes kortaste pause (5 min) var laga klare for 2. omgang. Dommaren hadde tydlegvis behov for ein lengre pause, så begge lag måtte smørje seg med tålmodigheit.

ventarpadommaren

Laga ventar på dommaren!

I 2. omgang tok Jotun kontroll fra start og hadde få problem med eit tannlaust heimelag. Bortelaget gjekk opp i 2-0 ved Stian Vee. Han vart spela flott igjennom, runda keeper og sette ballen enkelt i mål.

Mot slutten av kampen scora Jørgen Midtun både 3-0 og 4-0, det fyrste eit flott langskot og det andre plasserte han roleg i mål.

Ein fullt fortjent siger til Jotun, som etter ei famlande opning tok meir og meir over kampen og sigeren var aldri truga.
[embedplusvideo height=»255″ width=»450″ editlink=»http://bit.ly/19HuCxU» standard=»http://www.youtube.com/v/_coroTszOhk?fs=1&hd=1″ vars=»ytid=_coroTszOhk&width=450&height=255&start=&stop=&rs=w&hd=1&autoplay=0&react=0&chapters=&notes=» id=»ep9325″ /]
[embedplusvideo height=»255″ width=»450″ editlink=»http://bit.ly/19HuG0w» standard=»http://www.youtube.com/v/LinlZJEC940?fs=1&hd=1″ vars=»ytid=LinlZJEC940&width=450&height=255&start=&stop=&rs=w&hd=1&autoplay=0&react=1&chapters=&notes=» id=»ep6115″ /]

 

1-IMG_0103 1-IMG_0105 1-IMG_0110royolsen

På Hafslo Stadion: Eirik Todal Laberg (referat og bilete) og Ottar Brun (foto og video – kjem snart)