Knøtteturnering på Årdalstangen
25. august 2013
Oppdatert dommarliste
28. august 2013
Vis alt

Ny 4-0 siger i 6. divisjon

Festfotball i 45 minuttar var nok på kunstgraset i kveld då Vik/Syril 2 var på besøk. Heimelaget spela flott fotball frå start, og gav seg ikkje før det stod 4-0 i målprotokollen.

Fyrste målet var det Stian Vee som sytte for. Andreas Hestetun tok ei raskt frispark mellom sovande mostandarar, og Vee sette ballen kontant i nettet frå omlag 10 meter. Like etterpå vann Kim Hjønnevåg ballen høgt oppe i bana, runda målvakten og vart lagt i bakken. Straffen sette Andreas Hestetun kontant i mål.

Stian Vee set inn 1-0

Stian Vee set inn 1-0

No styrde heimelaget alt på kunstgraset, Vik/Syril 2 vart pressa heilt inn i eigen 16-meter. Dette utnytta Jotun godt, og Mads Wigdahl Huun avslutta eit fint angrep med eit skot frå 18 meter, langt utanfor rekkevidde for målvakta til bortelaget.

Like før pause vart det på ny dømt straffe. Ein Vik/Syril 2 spelar handsa på streken, og nok ein gong var Andreas Hestetun sikker som banken då han plasserte ballen til høgre i målet.

Mads Wigdahl Huun og 2-0

Mads Wigdahl Huun og 2-0

4-0 til pause, og dei fleste forventa at målfesten skulle fotsetja.

2. omgangen vart eit langt gjesp, tempoet forsvann og dei fleste ville gjera det meste på eigen hand.

Alt i alt ein sikker siger, laget leiar framleis med 5 poeng på opprykksrival Hafslo. Vik/Syril 2 vart nok hekta av etter denne kampen.

Malurten i begeret var at målvakt Espen Røneid fekk fingeren ut av ledd.

God og sporty dommar var Johnny Aspeseter, som tok ansvar då oppsett dommar ikkje møtte.

Neste kamp er om ei veke, heime mot Balestrand 2.

tabellSkjermbilde