KM-finale 6. divisjon
11. oktober 2013
G15/16 7ar KM-vinnar
17. oktober 2013
Vis alt

Klar siger mot Breimsbygda

Med sterke 4-1 på bortebane mot Breimsbygda har Jotun lagt eit godt grunnlag før heimekampen mot Førde 3 neste helg.

Det var Jotun som kom best i gang og kontrollerte det meste av fyrste omgang. Likevel måtte dei raude og grøne ha hjelp for å gå opp i leiing.

Ruben Aspeseter spela fri Fabian Labarca med ein krempasning. Målvakta redda skotet, men ein forsvarar var uheldig med klareringa, traff målvakta, og sende ballen i eige mål.

1-o til Jotun var og pauseresultatet.

Etter pause kom Breimsbygda meir med i kampen, men utan å sette Jotun sitt forsvar på dei store prøvane. Fredrik Sørli sytte for 2-0 då han mottok ein stikkar frå Andreas Hestetun. Han sprang frå alle, og sette ballen kontant i nettaket. Etter dette pressa Jotun meir på, men utan å få utteljing.

Likevel var det Breimsbygda som reduserte til 2-1, og det var på ny spenning i kampen.

Spenninga varte omlag 10 minuttar, då skaut fyrst Andreas Hestetun i overliggaren. So fekk Jotun kårner, og den vart ekspedert i mål av Mads Huun.

Storebror Espen ville ikkje vera dårlegare, og fastsette sluttresultatet til 4-1.

Neste kamp er laurdag 19. oktober på kunstraset i Øvre Årdal. Då skal KM tittelen delast ut, Jotun og Førde 3 står likt før denne kampen.

Kampfakta:
0-1 Sjølvmål
0-2 Fredrik Sørli
1-2 Breimsbygda
1-3 Mads Huun
1-4 Espen Huun

Det føreligg og video av eit par av skåringane, dette kjem me tilbake med seinare