G15/16 7ar KM-vinnar
17. oktober 2013
Ny tittel til gutelaget!
31. oktober 2013
Vis alt

Jotun kretsmeisterar i 6. divisjon

Med ein solid 3-1 siger mot Førde 3 sikra Jotun sitt 6. divisjonslag seg KM-tittelen.
Det var Jotun som kom best i gang på Jotun stadion kunstgras og kontrollerte det meste av banespelet. Likevel var det Førde 3 som gjekk opp i leiinga. Eit utspark frå Førdemålvakta gjekk heilt opp på Jotun sin 16. meter. I ein duell med Magnus Mjåtveit måtte Ruben Aspeseter gje tapt, og Mjåtveit kunne enkelt trille inn 0-1 til side for Espen Røneid i målet.

Jotun slo raskt tilbake. Eit frispark frå Aspeseter vart lagt inn i Førde sin 16-meter. Kim Hjønnevåg var vaken, snappa ballen og sette den sikkert i mål.

Kim Hjønnevåg utliknar til 1-1

Kim Hjønnevåg utliknar til 1-1

Etter dette fortsatte Jotun å presse på. Eit mønsterangrep som starta med eit oppspel frå Kevin Øy til Fredrik Sørli. Han dribla ein mann og la ut til Ole Gunnar Valsvik på kanten. På direkten la han inn ein ferdigskåra pasning til Johann Traustason som berre kunne breidside ballen i nettaket.

1-_ACT2813

Johann Traustason set inn 2-1

2-1 var og pauseresultatet i ein omgang som Jotun dominerte.

2. omgangen vart på langt nær så velspela som den fyrste. Mykje duellar på midtbana prega omgangen, fleire av taklingane var av den tøffe sorten. Spesielt Fredrik Sørli fekk hard medfart på venstrekanten. Førde 3 skapte svært lite, forsvaret til Jotun var solid og gav Førdespissane lite rom.

Det var midstoppar Sjur David Rio som skulle få æra av å sette punktum i kampen. Han snappa ballen på midten og forserte framover. Eit veggspel med Espen W. Huun sende han gjennom, og frå hjørna av 5-meteren skåra han 3-1 liggande på ryggen. Ein flott prestasjon av den unge Lærdølen!

Meir skjedde det ikkje i kampen, og Jotun kunne sikre inn ein flott KM-tittel.

Trenarane John Valsvik og Johann Traustason var stornøgde etter kampen.
– Når me starta med gutane for 2 år sidan hadde me aldri trudd at framgangen skulle skje so raskt. No er me både seriemeister og kretsmeisterar, det vert spanande å sjå kva me er gode for i 5. divisjon til neste år seier Valsvik og Traustason.

John og Johann med pokalen!

John og Johann med pokalen!

Kampfakta:
Jotun-Førde 3 3-1 (2-1)
0-1 Magnus Mjåtveit
1-1 Kim Hjønnevåg
2-1 Johann Traustason
3-1 Sjur David Rio

1-IMG_0503

KM-vinnar 2013 6. divisjon, IL Jotun!

[embedplusvideo height=»253″ width=»450″ editlink=»http://bit.ly/1d6mAzt» standard=»http://www.youtube.com/v/ldC0CZkAy-g?fs=1″ vars=»ytid=ldC0CZkAy-g&width=450&height=253&start=&stop=&rs=w&hd=0&autoplay=0&react=1&chapters=&notes=» id=»ep1707″ /]