Ny tittel til gutelaget!
31. oktober 2013
Fotballkveld i klubbhuset
28. januar 2014
Vis alt

Invitasjon til klubbdommarkurs – endring

Il Jotun Fotball inviterar alle interesserte over 12 år (fødde 2001 eller eldre) til klubbdommarkurs i IL Jotun sitt klubbhus torsdag 30. januar frå kl. 18:00.

Dette kurset passar for alle, uansett om du har spelt fotball eller ikkje. Me skal mellom anna gå igjennom spelereglar for barnefotballen, fair play og praktiske tips til korleis ein klubbdommar skal opptre på bana.

Kurset er gratis, og ingen blir tvungne til å dømma kampar sjølv om de deltek på kurset.

Dette kan også vera ein fin måte å tene pengar på; IL Jotun betalar klubbdommarar etter ein standardsats på 200,- kroner for å dømma ein 7`ar kamp og 300,- kroner for å dømma ein 11àr kamp.

Interessert? Meld deg på ved å senda ein mail til hr@jotun-fotball.no

Instruktør for kurset er Knut Bordal, IL Jotun

 

 

klubbdommar