Kongleriketturnering 18.mai 2014
5. mai 2014
G11: Hjemmekamp mot Bjørn 30.4.2014
6. mai 2014
Vis alt

Surt tap mot Førde 3

Ein begredeleg fyrstomgang øydela mykje mot Førde 3 på søndag. Bortelaget vann alt av duellar, og kunne gå til pause med ei leiing på 2 mål.

I 2. omgang heva heimelaget seg betrakteleg og reduserte til 1-2 ved Faruk Yilmaz. Etter målet så pressa Jotun på for utlikning, men i staden for var det Førde 3 som kontra inn 1-3. Lufta gjekk då ut av Jotun-ballongen, og på overtid kunne Førde 3 fastsette sluttresultatet til 1-4. 

Kampen sett under eitt var sigeren rettvis, men med litt tur og dyktigheit kunne heimelaget fått med seg poeng i denne kampen.

Trenar John Valsvik var ikkje nøgd etter kampen.

– Fyrste omgang var rett og slett tafatt. I 2. omgang spela me fotball i 30 minuttar, og det hadde ikkje vore ufortent med utlikning. 1-3 skåringa til Førde 3 på kårner var spikaren i kista, då gav me rett og slett opp seier Valsvik.

Kampfakta:
0-1 23 min. Magnus Mjåtveit
0-2 25 min. Magnus Mjåtveit
1-2 59 min. Faruk Yilmaz
1-3 78 min. Martin Berge
1-4 91 min.  Martin Berge

Neste kamp for dei Raude og Grøne er måndag 12. mai. Motstandar er Veitastrond, og kampen vert spela på Jotun Stadion krøllgras.

_ACT3174 _ACT3168 _ACT3188 _ACT3177