Kampdugnad (kiosk og kjøring) for G10/G11 2014
20. mai 2014
Knøtteturnering på Tangen 15.juni
5. juni 2014
Vis alt

Damelaget godt i gang med sesongen

Jotun/ÅTIL stiller i år med eit damelag i 4. divisjon. Dette er eit 7ar lag som spelar i avdeling 1 saman med Balestrand, Lærdal, Hafslo og Sogndal 2.

Hittil har laget spela 5 kampar som har enda med 2 sigrar og 3 knappe eitmålstap.

Heime mot Lærdal 2014

Heime mot Lærdal 2014. Foto: Jan Ove Skjerping

Målet med damelaget er å gje eit tilbod til spelarar som går ut frå ungdomsfotballen og som framleis ynskjer å ha eit tilbud med ballen i beina. I tillegg håpar trenar Morten Skarsbø at fleire damer vil vera med, slik at ein kan etablere ein stabil stamme i laget rundt ungjentene.

Denne veka har laget hatt 2 heimekampar. Måndag var det Lærdal som var motstandar, ein kamp der heimelaget dominerte frå start. Jotun/ÅTIL vann til slutt 6-3 etter skåringar frå Susanne Myrland (3), Jenny Hovland (2) og Maren Karlsen.

Onsdag var det Hafslo som var motstandar, ein kamp der heimelaget tidleg kom under 0-2. Laget henta seg inn igjen, og til pause stod det 2-2.  2. omgangen var like jamn og 5 minuttar før slutt var stillinga 4-4. Like før slutt fekk Hafslo eit noko heldig mål, og kunne reise heim med alle poenga. Målskårarar for Jotun/ÅTIL var Anna Kvamsdal, Maren Karlsen, Birgitte Dokken og Susanne Myrland.

Det unge Jotun/ÅTIL laget har hatt stor spelemessig framgang, og har og moglegheit til å hente opp spelarar frå det lovande J15/16 laget som ÅTIL og Jotun har saman.

Som dei fleste lag som består av spelarar i alderen 17-20 år så er det vanlegvis litt fråfall til haustsesongen då nokon skal på skule/militæret. Trenar Skarsbø håpar difor at fleire jenter/damer kan ta turen på trening om dei har lyst til å spele fotball. – Me trenar 2 gonger i veka, slik at dette er overkommeleg for dei fleste. Tysdagar er treningane på Cuba kl. 19:30, og torsdagane i Øvre Årdal kl. 17:30. Alle er hjarteleg velkomne avsluttar Skarsbø.

Denne vekar er det i tillegg trening søndag 1. juni 20:00 på kunstgraset i Øvre.

Neste kamp for damelaget er torsdag 5. juni, borte mot Sogndal 2 på Fosshaugane Campus!

Morten Skarsbø

Trenar Morten Skarsbø. Foto: Jan Ove Skjerping

Sunniva

Sunniva Øvstetun mot Lærdal 2014. Foto: Jan Ove Skjerping

Birgitte

Birgitte Dokken mot Lærdal 2014. Foto: Jan Ove Skjerping

Line

Line Røneid Hagen mot Lærdal 2014. Foto: Jan Ove Skjerping

Marie

Marie Vinsand Wigum mot Lærdal 2014. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10333321_10152382420402367_8431213644532988557_o

Sofie Moen mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10357714_10152382428197367_1908960421472611171_o

Line Røneid Hagen mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10358975_10152382424647367_8060428781370035899_o

Jenny Hovland og Camilla Nundal mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10368328_10152382431657367_1897446545439611647_o

Camilla Nundal mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10397079_10152382418927367_6280403671818664291_o

Rebecca Skjerping mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10273137_10152382432167367_6013104714484863659_o

Sofie Moen mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10275548_10152382429047367_6363460136265405752_o

Maren Karlsen og Hege Skjolden mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping

1-10295258_10152382421982367_7383566146557525101_o

Anna Kvamsdal skårar mot Hafslo. Foto: Jan Ove Skjerping