Stopp i 1/8 finalen
25. juli 2014
Oppstart høstsesong 2003/2004
28. juli 2014
Vis alt

Dag 1 – Norway Cup

Då har alle laga spela fyrste kampen i Norway Cup. Det enda med 2 sigrar og eit tap.

Fyrst ute var Jotun G14 7ar. Dei møtte Nordal/Eidsdal/Geiranger, og vann kampen heile 13-0 (Står 14-0 i offisielle resultata, eit for mykje iflg. Jotun-trenarane).

Kampfakta:
1-0  Jakob Hovland
2-0  Jakob Hovland
3-0  Joachim Furset
4-0  Joachim Furset
5-0  Elias Mittet
6-0  Elias Mittet
7-0  Joachim Furset
8-0  Elias Mittet
9-0  Elias Mittet
10-0 Sivert Mannsverk
11-0 Tobias Stølsvik Klepp
12-0 Sivert Mannsverk
13-0 Eirik Lereng

G14 laget til Jotun i Norway Cup. Åsmund Nesse manglar på biletet.

Foto: Facebook/Annbjørg D. Lereng G14 laget til Jotun i Norway Cup. Åsmund Nesse manglar på biletet.

Deretter var det ÅTIL/Jotun G15/16 11ar som skulle i elden. Dei møtte eit svært godt Sunndal 1, som er heilt i tet i 1. divisjon Møre og Romsdal. Kampen enda med tap 0-3, men det vert meldt om svært god innsats frå gutane i denne kampen!

ÅTIL/Jotun G16. Henta frå Facebook/Ronny Rinde

ÅTIL/Jotun G16. Henta frå Facebook/Ronny Rinde

Siste lag ut var ÅTIL/Jotun J15/16 7ar. Dei møtte Dombås, og dette vart ein svært spanande kamp. Laga bytte på leiinga gjennom heile kampen, men til slutt drog ÅTIL/Jotun dette i havn med ein 7-5 siger. Målskårarar var Olaug (4), Susanne, Marte og Martine. Sigeren var velfortent og ikkje eit mål for liten! Ein god kamp frå samtlege jenter, men eit ekstra pluss til Olaug Marie Aalen som skåra 4 mål på rad i fyrste omgang!
Kampfakta:
0-1 Dombås
0-2 Dombås
1-2 Olaug Marie Aalen
2-2 Olaug Marie Aalen
3-2 Olaug Marie Aalen
4-2 Olaug Marie Aalen
4-3 Dombås
4-4 Dombås
PAUSE
4-5 Dombås
5-5 Susanne Myrland
6-5 Marte Hestetun
7-5 Martine Låksrud Øyre

ÅTIL/Jotun J15/16

ÅTIL/Jotun J15/16. Foto Facebook/Birgitte Thomassen.