Flott dag på Fåberg!
16. august 2014
Faabergturneringen – Bilete frå fredag og laurdag
18. august 2014
Vis alt

Strålande innsats!

Heile 4 lag i finalar, der 3 av dei gjekk sigrande ut er fasiten på Faabergturneringen 2014.

Fyrst ute i finale var J13, dei var ubesigra i innleiande rundar, og i B-finalen vann dei fortent 3-2 etter ekstraomgangar. Jentene pressa på gjennom heile kampen og fekk til slutt utteljing i speleforlenginga. Om det ikkje hadde vorte skåringar der så hadde laget likevel vunne på antal kårnerar.

1-_ACT5259

Kjersti, Ingrid og Ingeborg jublar!

Deretter var det J14 sin tur. Dei var i A-finalen og møtte der Isfjorden, ein kamp dei vann 1-0. Målet kom ved at Sara Brandsdal sende avgårde eit langskot. Framfor målet stod Mari Bjørk og styrde ballen sikkert i nota. Denne finalekampen var jamn, men solid forsvarsarbeid sikra fyrste jentesigeren sidan 2008 i A-sluttspelet!

Mari Bjørk jublar etter finaleskåringen

Mari Bjørk jublar etter finaleskåringen

G13 var og i A-finalen, motstandar var Kolbu/KK. Jotun kom tidleg i leiing 1-0, men Kolbu kom tilbake og stillinga ved full tid var 1-1.  I speleforleinginga skåra Stian Laberg sitt 2. mål i kampen og sikra ein svært fortent siger. Ved uavgjort ville og sigeren gått til Jotun, Kolbu hadde ikkje ein einaste kårner i løpet av heile kampen mot 5 til Jotun.

Stian Laberg avgjer kampen!

Stian Laberg avgjer kampen!

I G14 var det og A-finale mot Lillehammer sitt fyrstelag. Her var Lillehammer overlegne og vann heile 6-0. Laget frå Lillehammer hadde ein imponerande fysikk, og sigeren var sjølvsagt heilt fortent.

1-_ACT5390

Joachim i finalen mot Lillehammer

Totalt spela laga frå IL Jotun 45 kampar på Fåberg. Det vart 27 sigrar, 2 uavgjort og 16 tap.

Faabergturneringen er og mykje meir enn resultat og sluttspel. Jotun hadde med heile 8 lag, og me kjem tilbake med masse bilete av alle laga seinare.