Siger i fyrste haustkamp
23. august 2014
Dommaroppsett haust 2014
2. september 2014
Vis alt

Jotunjenter på soneturnering

Jotunjentene Sara Brandsdal, Kjersti Hestetun og Anna Thomassen Øren har i dag delteke på soneturnering for J13 på Kaupanger. I turneringa er det  Sogn, Sunnfjord og Nordfjord som møtest, og nok ein gong var det Sogn sine jenter som kom best ut av det.

Mot Sunnfjord vann Sognejentene 4-2, eit av måla vart skåra av Sara Brandsdal. I kampen mot Nordfjord vart resultatet og 4-2.

Frå venstre: Sara Brandsdal, Anna Thomassen Øren og Kjersti Hestetun

Frå venstre: Sara Brandsdal, Anna Thomassen Øren og Kjersti Hestetun

Jotun-fotball.no gratulerer jentene med super innsats, me ser fram til fleire representasjonsoppdrag i tida som kjem!

Gutane har og turnering, men då Jotun har dobbel bortekamp denne helga så gjekk turneringa utan representantar frå dei raude og grøne.