13 heimekampar denne veka!
8. september 2014
Knøtteturnering i Lærdal 21.9.2014
19. september 2014
Vis alt

Småjentene til topps

Både 7ar og 9ar laget var i aksjon i kveld mot Vik, og begge laga gjekk sigrande ut av kampane.

Fyrst ute var 7ar laget. I ein spanande kamp drog dei det lengste strået, og vann 3-2. 7ar laget er no på 2. plass i avdelingen, 3 poeng bak leiarlaget Syril.

9ar laget ville med siger i dag ta leiinga i 2. divisjon. Laget skuffa ikkje, og spela i periodar ut Vik. Godt pasningsspel, gjennombrotspasningar og supre avslutningar sette gjestene heilt ut av spel, og heimelaget gav seg ikkje før det stod 7-0 på måltavla. Målskårarar i kveld var Ingrid (2), Ine (2), Thea, Hanne og Anna T. Tabell finn de her for J13/14 9ar, og her for J13/14 7ar.

Me er svært nøgde med jentenes innsats. Dei har utvikla stor speleforståing i år, og er på treningarne for å bli betre. Ei svært triveleg gruppe å jobbe med seier Frank Eldegard,  som saman med Svein Arve Myrland, Morten Brandsdal og Håvard Trollebø utgjer trenarkvartetten for J13/14.

1-2014-09-09 20.28.52

Laget mot Vik: Bak frå venstre Ine, Anna Elise, Thea, Anna T., Ingrid, Synnøve, Ida. Framme frå venstre Anna E., Hanne, Sara og Kjersti.

Gutar G13/14 spela og i kveld, dei vann 6-5 over Syril.