Damelaget avslutta med siger
25. september 2014
3-1 siger over Sogndal
26. september 2014
Vis alt

Siger mot Førde

Jotun møtte i kveld Førde i 1. divisjon G13/14, og etter ein god kamp gjekk heimelaget sigrande av bana med 3-1.

Det var Jotun som tok leiinga då Eirik Lereng var sist på ein flott angrep, han sette ballen kontant i mål frå kort hald. Førde utlikna nokre minuttar seinare  då ein kårner vart ekspedert kontant i mål med hovudet.

Pauseresultatet vart 1-1, noko Førde skal vere mest nøgd med. Dei kom sjeldan til store sjansar mot eit solid Jotun-forsvar.

I 2. omgang tok Jotun meir og meir over, og det var fortent då Erik Steinegger ekspederte ballen i mål frå 35 meter. Jotun fortsatte å pressa, og Joachim Furset hadde fleire avslutningar som ein god Førdemålvakt tok hand om.

Like før slutt fekk Furset utteljing, då han sende avgårde ei kanonkule av eit skot som gjekk via overliggaren og inn i målet.

Totalt sett ein fortent siger for heimelaget, men Førde skal ha ros for at dei kjempa godt gjennom heile kampen.

Med denne sigeren klauv laget opp på 3. plass i divisjonen med 2 kampar igjen å spele. Begge desse kampane vert spela denne helga på krøllgraset i Øvre.

Jotun-Florø, laurdag 14:00
Jotun-Tornado/Måløy, søndag 15:00

Joachim Furset spela ein god kamp mot Førde. (bilete frå Faabergturnering)

Joachim Furset spela ein god kamp mot Førde. (bilete frå Faabergturnering)