Sterk sesong av ÅTIL/Jotun J15/16
30. september 2014
Treningsfri i haustferien
6. oktober 2014
Vis alt

Avdelingssiger til G13/14 7ar!

Med uavgjort eller siger mot Lærdal i kveld ville G13/14 vere avdelingsvinnarar, og med det få moglegheiten til å spele om KM-tittelen seinare i haust.

Jotun tok initiativ frå start, og alt etter 6 minuttar hadde Adrian Kvamsdal putta 2 gonger bak målvakta til Lærdal. Mot slutten av omgangen la Simen Mannsverk på til 3-0, noko som skulle vise seg å bli sluttresultatet.

Det betyr at laget er vinnarar av G13/14 7ar avdeling 1, og skal spele mot vinnarane i avdeling 2 og 3 siste veka i oktober.

Jotun-fotball.no gratulerer laget med innsatsen so langt, og ser fram til sluttspelet og kampen og KM-pokalen!