3-1 siger over Sogndal
26. september 2014
Sterk sesong av ÅTIL/Jotun J15/16
30. september 2014
Vis alt

Solid sesongavslutning

11ar laget i G13/14 har i år spela i 1. divisjon, og etter 14 kampar er statusen ein solid 3. plass. Jotun står med 8 sigrar, 3 uavgjorte og 3 tap, totalt 27 poeng.

Grunna lange reiseavstandar har kampane vorte komprimert rundt helgane, noko som gav 3 kampar på 4 dagar forrige veke.

Torsdag var Førde på besøk, her vart det siger 3-1.

Laurdag var serievinnar Florø gjester på Jotun stadion. Dette var ein jamn kamp, der Jotun tok leiinga midt i 2. omgang med eit kanonskot frå Eirik Lereng. Det såg lenge ut som om heimelaget skulle dra i land sigeren, men 25 sekundar før slutt sette Florø inn utlikninga, og kampen enda til slutt 1-1.

Søndag var det Tornado/Måløy som tok den lange turen til Årdal. I denne kampen dominerte Jotun frå fyrste spark på ballen, og kunne til slutt dra i land ein sikker 5-0 siger.

Den solide avslutninga sikra 3. plassen, kun 2 poeng bak Sogndal på 2. plass. Komplett tabell finn de her.

Gutar 13/14 har og eit 7ar lag som kjempar om sigeren i avdeling 1, noko som vil gje sluttspel om KM-tittelen i denne klassen. Dette vert avgjort i dag, då Jotun møter Lærdal på bortebane. Resultatet av denne kampen kjem me tilbake til seinare i kveld.