Full fart!
12. oktober 2014
Klart for kretsfinale!
18. oktober 2014
Vis alt

Ny siger til småjentene

Grunna skadar og kolliderande arrangement måtte småjentene sitt 7ar lag låne 3 spelarar frå J12 då dei skulle møte Bjørn på bortebane fredag kveld.

Dei yngste jentene gjorde ein formidabel jobb, og skåra samtlege mål i kampen, der det til slutt enda med ein 4-1 siger.

Augusta Luggenes skåra 3 av måla, og det siste var det Marthe Hollevik som sette inn. Spesielt 3-0 målet var flott.

Hanne fekk eit langt oppspel, ho slo direkte ut til Thea på kanten. Ho la inn på direkten, der stod Marthe som smelte ballen i mål på volley.

Laget mot Bjørn: Kjersti, Ine, Anna T., Hanne, Sara, Line, Augusta, Thea og Marthe.

Småjentene har 2 kampar igjen av sesongen. Tysdag møter 9ar laget Bjørn til ein avgjerande kamp om sigeren i 2. divisjon 9ar. Med siger vinn Jotun avdelinge, medan uavgjort eller tap vil gje Bjørn pokalen. 7ar laget skal fredag møte Aurland borte, dei har sikra seg ein sterk 2. plass i avdelingen.