Rekrutteringsdommarkurs
14. januar 2015
KM kvalifisering innandørs
29. januar 2015
Vis alt

Invitasjon klubbdommarkurs

IL Jotun Fotball inviterer alle interesserte over 12 år til klubbdommarkurs i IL Jotun sitt klubbhus torsdag 5. februar frå kl 18:00-21:00.

Dette kurset passar for alle, uansett om du har spelt fotball eller ikkje. Me skal mellom anna gå igjennom spelereglar for barnefotballen, fair play og praktiske tips til korleis ein klubbdommar skal opptre på bana. I tillegg vil me bruke litt tid på å studere dommarane under veterancup- turneringa som går føre seg i Årdalshallen denne dagen.

Kurset er gratis, og ingen blir tvungne til å dømma kampar sjølv om de deltek på kurset. Dette kan også vera ein fin måte å tene pengar på, IL Jotun betalar klubbdommarar etter standardsatser.

Interessert? Meld deg på ved å senda ein mail til ruben.aspeseter@garanti.no

FRIST FOR PÅMELDING: TYSDAG 03.02.15

Instruktør for kurset er Jarle Grindhaug, IL Jotun