Påmelding knøtteturnering på Årdalstangen søndag 14. juni
8. juni 2015
Klare for ei veke med fotballmoro!
12. juli 2015
Vis alt

Minneord om Arnfinn Eldegard

Arnfinn Jørgen Eldegard døydde laurdag 20. juni på Lærdal sjukehus.

Arnfinn var fødd 25. november 1944. Han kom frå Vetti og vaks opp på garden Flaten i ein syskenflokk på 6. Etter at skulegonga var over i Årdal, gjekk han 2 år på Sogndal Folkehøgskule og tok etter åra i Sogndal  4-årig lærarskule med 2 år på Nesna og 2 år i Bergen. Seinare gjennomførde han vidareutdanning ved Sogndal lærarskule. Til Farnes skule kom han i 1971 og vart der i heile sitt yrkesaktive liv. På Farnes skule møtte han eit arbeidsmiljø som han fann seg vel til rette i. Han var ein god kollega og ein svært omtykt lærar som elevane treivst godt saman med.

Arnfinn var svært samfunnsinteressert og uvanleg godt orientert. Han hadde eit hugse som mange  gjorde seg nytte av når dei skulle ha opplysningar og svar på spørsmål som dukka opp. Spesielt interessert  og oppteken var han i fotball, ikkje minst galdt det seniorfotballen i IL Jotun. I tida då IL Jotun stilte med eige seniorlag i fotball, var Arnfinn oppmann for laget i mange år. Oppgåvene som oppmann la han mykje arbeid i, og han la alt til rette for at spelarane på laget skulle ha dei beste vilkår. Jotun fotball  hadde mange lange reiser på 70-og 80-talet, og reisene planla Arnfinn ned til minste detalj. I tida då Arnfinn gjekk på lærarskulen i Bergen, var han som oftast fyrste mann på stadion for å sjå laget sitt frå Årdal den tida mange av motstandarane heldt til i Bergen og omlandet. Det var vel kanskje medan han var i Bergen at interessa for oppmannsarbeidet vakna.

I mange år vart sjukdom ein del av livet hans og gjorde nok sitt til at han dessverre fekk eit mykje redusert aktivitetsnivå. Men interessa for samfunnsspørsmål og idrett var like levande som før. Heilt til det siste var det mange som brukte Arnfinn som kjelde og fasit når spørsmål om resultat og lagoppstillingar i viktige kampar for Jotun kom på bana.

No er ikkje Arnfinn lenger blant oss. Arnfinn var tolmodig og lyttande, og kom aldri med nedsetjande uttale om andre menneske.

Me vil minnast Arnfinn Jørgen Eldegard som det gode mennesket han var!

IL Jotun