Velkommen til allidrett
9. september 2015
IL Jotun valde hummel!
15. desember 2015
Vis alt

Strålande KM for turngruppa!

Vinnarlaget med 3 gull + vandrepokal for beste stil

Jotun Turn har i helga delteke på KM i troppsgymnastikk for 3. året på rad.  Konkurransen vart halden i Nordfjordhallen arrangert av Skavøypollen Turn og IL. Det er 5 året KM vert arrangert i fylket.

IL Jotun turn stilte lag i 6 klassar.  Jotun 1 rektrutt tumbling,  Jotun 1 rekrutt, trampett, Jotun 2 rekrutt, tumbling, Jotun 2 rekrutt,  trampett, Jotun jr. tumbling og Jotun jr trampett. Dei glade Jotuntrurnarane kom heim med ikkje mindre enn 3 gullmedaljar, 1 bronsemedalje, ein  4 og ein 5 plass.  Fantastisk innsats!!

I tumbling rekrutt var det eine laget kun 0,16 poeng frå å ta andreplassen, etter Jotun 1 på fyrste, så me har jamne og gode utøvarar.  Nytt av året er at Krinsen har kjøpt inn vandrepokal for laget med beste stilen. Dette treng ikkje vera laget som vinn i konkurransen. Her blir det vektlagt flott stil,  og jammen klarde Jotun og ta fyrste napp i denne. Fantastisk kjekt både for utøvarar og trenarar sidan vi på kvar einaste trening terpar på strake føter, strake vrister og stilige avslutningar.

Det er ein fantastisk lagfølelse blant turnarane. Dei er så glad for prestasjonane til kvarandre, og hjelper,trøstar og gledar seg over kvarandre sine prestasjonar. På treningane klappar me for kvarandre og det er høgt under taket når nokon lukkast i det dei har trent på lenge.

Sidan Norges idrettsforbund vedtok nye reglar for trenarutdanning i 2012, har turngruppa vore gjennom ein omfattande prosess på utdanning.  Frå å vera ein godkjent Trenar 1 i 2013 ( ihht til nye reglar) har vi no 15 ferdig sertifiserte trenarar. I tillegg har me mange foreldre som er i gang med interne kurs i turngruppa.

Me ser at Trenarutdanning er viktig.  Det skapar engasjement og fører til auka aktivitet blant ungane .  Turngruppa har som mål å utdanne enno fleire i åra som kjem.

Når det gjeld KM har både trenarar og utøvarar  vore gjennom ein lang læreprosess for å setja seg inn i konkurransereglar som gjeld. Før kvar konkurranse skal det leverast inn vanskeskjema over dei øvingane som utøvarane skal gjera.  Kvart program består av 3 seriar.  Den eine serien skal alle utøvarane på laget gjera.  På juniorar er det krav ti skru på seriane.  Med andre ord : ganske innfløkt og me skal ikkje repetere heile reglementet her.

På vegne av Jotun turn vil me gratulere oss sjølve med ein fantastisk innsats, og gratulere oss sjølve med at me har lukkast i trenarutvikling.

No er det berre å stå på vidare!

Thea i strak baklengs

Thea i strak baklengs

Klare til defilering

Klare til defilering

Bronselaget

Bronselaget

Alle laga frå Jotun med trenarar.

Alle laga frå Jotun med trenarar.