Dommarliste haust 2016
22. august 2016
Dato for Futsal-turneringane er klare
6. september 2016
Vis alt

Knøtteturnering søndag 28.8. 2016 (med oppdatert kampoppsett!)

IL Jotun ønskjer alle miniputt-lag i ÅTIL, Lærdal og Aurland velkommen til Kongleriket Miniputtturnering på Jotun Stadion (kunstgras), 28.august. Turneringsstart vil være kl. 11:00 og premieutdeling ca 15:15.

Påmelding er no klar og kampoppsettet vil sendast til klubbane og publiserast her så fort det er klart.

Under turneringa vil det vil vere kiosk- og loddsal. I kiosken (inkl. grill) vil det vere mogleg å betale med kort.

I år vil friluftsbadet halde åpent under turneringa og det vil være høve til å prøve 3v3-banar! Inngang i friluftsbadet kostar kr 30,- for barn og kr 50,- for vaksne. KUN KONTANT BETALING (ikkje løyve til å nytte klippekort).

Vi ønskjer at Fair Play skal vere gjennomgåande i Kongleriket Miniputt-turneringa. Fair Play helsing vil vere obligatorisk i alle kampar, og me vonar alle vaksne som er tilstades opptrer som gode rollemodellar for miniputtane våre.

Velkomen til ein flott miniputtsøndag!

OPPDATERT: Her er Kampoppsett 2016