Jotun 95 år !
7. september 2018
Kongleriket 23.9.18 – DUGNADSLISTE
17. september 2018
Vis alt

3.plass til G15 og G13 på Nasjonal Eliteturnering

I helga var Team Sogndal G15 og G13 på Eliteturnering. IL Jotun hadde med heile 5 spelarar og begge laga spelte seg fram til ein imponerande 3.plass. I Drammen sikra Leander Øy (G15) 3.plassen med å redde 2 straffar, før han satte inn den avgjerande straffen sjølv i straffekonkurransen mot Strømsgodset. Leander var og avgjerande i innleiande runde mot Stabæk. Her redda han nok ein straffe. I Haugesund vann G13 3-1 over Strømsgodset i sin avgjerande kamp om 3.plassen. Lidvin Hestetun (G13) scora eit av måla. Trenar Tommy Øren seier at for spelarane sin del handlar slike turneringar om å skaffe seg gode referansar på kva ein skal/bør jobbe med for å ta nye steg og å utvikle seg vidare. Det er mengden og kvaliteten på arbeidet dei gjer gjennom heile året som blir avgjerande for kor gode dei kan bli. Tommy meinar vidare at Sogndal som toppklubb, kretsen og breiddeklubbane har ein stor jobb foran seg for å sikre at spelarane har eit godt nok opplegg over tid.

Resultat G15: lørdag

  • Team Sogndal vs Ull/kisa             2-0
  • Team Sogndal vs Stabæk             1-0
  • Team Sogndal vs Strømsgodset   4-1

Resultat G15: søndag

  • Team Sogndal vs Ålesund             0-2
  • Team Sogndal vs Strømsgodset   1-1 (4-2 straffe)

Resultat G13: Lørdag

  • Team Sogndal vs Sandnes-Ulf      2-0
  • Team Sogndal vs Viking                1-1
  • Team Sogndal vs Start                  2-0

Resultat G13: søndag

  • Team Sogndal vs Brann               1-4
  • Team Sogndal vs Viking               0-4
  • Team Sogndal vs Strømsgodset  3-1