Sist helg 3 og 4 november vart årets KM i troppsgymnastikk arrangert i Eid. Heime i Årdal sat foreldre, bestforeldre, venner og andre veldig spente. Me torde vel ikkje heilt å håpa på at suksessen dei tre siste åra kunnne toppast. Men det er heilt fantastisk kva denne gjengen med trenarane Aina Heggø og Sofie Moen i førarsetet har fått til. Med seg heim frå Eid hadde dei 5 gullmedaljar, 5 sølvmedaljar og 1 bronsemedalje. Kvar einaste turnar som reiste til Eid kom heim med medalje rundt halsen. Fantastisk pretasjon som også viser breidden i Jotun sine troppar. Det som kjenneteiknar laga er den gode lagånda, kan Aina Heggø fortelje. Alle jentene og gutane heiar på og støttar kvarandre. Ei av jentene seier det så fint, at Jotun turn er den andre familien hennar. Rørande ord, spesielt for dei som legg ned timar med trening kvar veke. Ekstra mange arbeidstimar vert det i forkant av kokurransar når programma skal setjast saman. Reglane i troppsgymnastikk er spesielle og ikkje alltid like lett å setja opp dei rette kombinasjonane. Men resultata talar for seg. Kombinasjonane sat som stempla!
Me kan ikkje anna enn å gratulera til alle gymnastane og trenarane som stiller opp kvar veke. Veldig godt gjennomført helg av alle og trenarane Aina, Marita og Sofie som var med gymnastane denne flotte helga i Eid . Lukke til med førebuingar til neste KM som alt er i februar 2019.
Resultatliste: KM turn 2018
Litt bilder av dei flotte ungdomane: