Målrock dugnad
3. juli 2019
«Kioskdamer» på plass !
5. september 2019
Vis alt

Ida Øren til minne.

Ida Kirsten Theigård Øren gjekk bort 21.06.19 etter ei tid med sjukdom.
Som erfaren og god handballspelar var Ida ein ivrig tilhengar til IL Jotun si handballgruppe. Ida kom til Årdal tidleg på 60-tallet.
Før den tid hadde ho bak seg fleire sesongar i Helsingør Idrettsforening i Danmark. Klubben var kjent for å vera blant dei beste laga i Danmark og vart trena av landslagsspelarar på den tiden.
Handballen fulgte henne i alle år, og da ho seinare flytta til Oslo vart ho aktiv spelar i Nordstrand . Her var ho også leiar i klubben i fleire år.
Ida vart og teknen ut på Bylaget til Oslo som var samansett av dei beste spelarane i landet og var å betrakte som eit landslag.
Handballen var  ein hobby på kveldstid. På dagtid hadde ho sitt virke på Svane Apotek i Oslo.
Me Årdøler hugsar den kunnskapsrike danske dama på apoteket på hjørna i bankbygget i Øvre. Men mest av alt hugsar me henne som ein ivrig Jotun handballsupporter. Ho og mannen Johan møtte på alle heimekampane til damene i Årdalshallen. Der hadde dei fast sete øvst på tribuna.
Dei fulgte Jotun i tjukt og tunt. Ekstra stas var det sjølvsagt at barnebarnet Vibeke vart ein sentral spelar på Jotun sitt handball lag.
Sjølv om Ida vart plaga av demens på det siste, kom det rett som det var utsegner som gjaldt handball.
I samtale med sonen Jan kunne han fortelje at når han forlet sjukeheimen etter besøk, knytta ho armen med eit lurt glimt i auga og sa: «bare pass deg. Husk jeg er en gammel handballspiller»
Tusen takk Ida, for den du var for Jotun handball og den støtten du og Johan bidrog med som privatsponsorar.
Og tusen takk for minnegåve til IL Jotun handball i anledning Ida sin bortgang.
IL Jotun lyser fred over Ida sitt minne.

Styret IL Jotun.