NTF Eliteturnering for G14 i Stavanger 11-13 oktober
8. oktober 2019
Eirik og Sivert kjem på stadion.
28. oktober 2019
Vis alt

Veninnemøte i engelsk universitetsliga.

Anno og Ingrid

Fleire av oss som har teke del i idrettslaget som tilitsvalde eller trenarar over lang tid, har fått den gleda det er å fylgja med ungdomen frå dei startar til dei sluttar i laget. Difor er det ekstra kjekt å sjå kva medlemane våre tek seg til når dei dreg ut frå bygda for å studere. I dette tilfelle er me heldige å fått eit lite innblikk  i kvardagen til veninnene Ingrid Øvstetun og Anna Eldegard.

Anna Eldegard og Ingrid Øvstetun har spelt fotball i lag for Jotun heilt frå dei var 7 år gamle og like til sist sesong på damelaget.
No studerar begge i England, Anna i Leeds og Ingrid i Liverpool. Fotballen held dei fram med og onsdag sto dei på kvar sin banedel når Liverpool tok imot Leeds. Universiteta har 3 lag på ulike divisjonsnivå, og etter prøvespel/kvalifisering har begge teke plass på kvar sitt 1. lag. Begge spelar på midtbana og oppedaga onsdag at dei og har fått same trøyenummer. Kampen enda 2-3 til Leeds. Liverpool er nyopprykka i divisjonen og har starta sesongen med knipne tap mot Sheffield og Leeds, medan gjestene frå Yorkshire har bokført 2 sigrar, den fyste i Newcastle (2-0). Jentene trivst godt både med studiar og fotballen, som gjev gode vilkår for det sosiale, og me ynskjer Anna og Ingrid lukke til vidare med både studiar og fotball.

Spelar nr 8