Årsmøte for 2019
10. februar 2020
Årsmøte IL Jotun 2019
6. mars 2020
Vis alt

Historiske Emmeli

I 2020 vii Jotun fotball ha sterkt fokus på fairplay arbeidet i klubben. Ivar Otto Øren har fått med seg Torstein Grøv og Svein Øygarden i dette viktige arbeidet. Emmeli Jevnaker  vart historisk og den fyrste som fekk denne prisen . For snart 2 veker sidan vart det arrangert KM kvallik i Årdalshallen. Fairplay komiteen var til stades begge turneringsdagane og såg fort at Emmeli utmerka seg med gode haldingar, omsorg for lagveninner i god fairplay ånd.  Det var veldig kjekt å møta på treninga i dag og overrekke diplom og ein liten påskjønning til Emmeli.
Fairplay SKAL ligge til grunn i alle lag, både hjå trenarar, spelarar, foreldre og andre rundt laget.  Det er mange som kjempar om slike prisar i Jotun, men me har og dessverre nokon som ikje er i nærleiken.  Me opplevde begge deler på KM kvalliken.
Difor er det viktig at det er gode fairplayar på alle kampar. Dei har eit stort ansvar. Mange lag har faste fairplayvertar på kvar kamp. Dette vert opp til kvart lag å avgjere, men det  er viktig at den som er fairplay set seg godt inn i rolla si.
Med å ha fokus på fairplay og det positive rundt spelarar, og laga håpar me at det kan bidra til  å snu negatvie holdningar som helst dei vaksne rundt laga gir tilbakemeldingar om.

Me håpar at me får så mange nominasjonar at me kan dele ut ei pris ein gang kvar mnd. Her kan ein nominere spelarar, dommarar, trenar, oppmann, og andre som utmerkar seg positivt rundt laga.

Me gratulerar Emmeli med prisen !