Oppstart friidrettstrening i Årdalshallen
9. november 2020
Trekning i handballbasar lotteri.
10. desember 2020
Vis alt

Ungdomane og Årdal vidaregåande skule er gull verdt!

Kvar tysdag stiller dei opp. Alltid førebudde og  klare til ein time med symjetrening. Medan bassenget i Årdalshallen er stengt for vedlikehaldsarbeid er me så heldige å få nytte bassenget ved Tangen skule til dei yngste symjarane. Kvar veke stiller 11 ivrige ungar i alderen 4-7 klasse til trening. Dei tre trenarane i Jotun si symjegruppe er Tomine Jevnaker, Solfrid Gjermo Røyrvik og Kaja Hove. Tomine går fyrste året ved Årdal vidaregåande skule, Solfrid siste året på ungdomsskulen og Kaja nest siste året ved ungdomsskulen. Jotun er heilt avhengige av denne trenarrekrutteringa for i det heile å kunne drive gruppene vidare. Underteikna har degradert seg sjølv frå trenar til vaksenvakt over 18 år. Det er ei fryd å følgje med på dei flinke ungdomane. Heile opplegget er flott opplagt. Startar med leik og oppvarming, for så å dele opp øvingane for å lære grunnleggande teknikk. Symjeelevane er lydhøyre og føl godt med og jammen kan ein sjå rask framgang.
Det er ikkje berre symjegruppa som har unge trenarar. Turngruppa har trenarar som begge går på vidaregåande og har vore aktive trenarar sidan ungdomsskulealder. Fotballgruppar har mange dommarar som no går siste året ved Øvre Årdal ungdomsskule og nokre er elevar ved Årdal vidaregåande skule.
Som de sikkert skjønar skriv eg dette innlegget sjølvsagt for å skryte av alle dei flotte og kjekke ungdomane som stiller opp veke etter veke for idrettslaget men også for å synleggjera kor avhengige idrettslaget er av dei.  Siste dagane har det vore eit enormt engasjement på facebook der underteikna og mange sambygdingar har signert opprop sett i stand av  foreldreutvalget ved Farnes Skule. Me seier NEI til svekking av utdanningstilbodet i Årdal og Indre Sogn ! Og torer ikkje tenka på kva det ville gjort med idrettslaga våre. Me er heilt av hengige av ungdomane våre både som trenarar og som utøvarar. Og me VIL IKKJE sende dei ut frå bygda når dei er 16 år gamle.
Oppmodar alle om å signere oppropet frå FAU !
Publisert av Ruth Laberg